Aud Hove (Sp): Dersom Sykehuset Innlandet HF ikkje klarar å etablere ei «økonomisk bærekraft», slik Helse Sør-Øst RHF legg til grunn, kvar havnar da dei innspara midla til eigenfinansiering?
Begrunnelse
Helseforetaksreformen var basert på to hovudelement; eit offentleg samla eigarskap av sjukehusa og eit statleg heilheitlig ansvar for spesialisthelsetenesta med både sektoransvaret, finansieringsansvaret og eigarskapet på ei hand. Dette står i NOU 2019:24 Inntektsfordeling mellom regionale helseforetak.
I kapittel 3.5.4 Finansiering av investeringar står det: Midler til investeringer og vedlikehold inngår som en del av basisbevilgninger og er ikke øremerket. Helseforetaket har ansvar for å prioritere investeringer i bygg og utstyr og vedlikehold opp mot løpende drift.
Det står også at når helseforetaka skal gjennomføre store investeringar, slik vi ser er på gang i Oslo, vil dei ofte ikkje ha tilstrekkeleg med eigen likviditet til å handtere løpande utbetalingar i planleggings- og byggefasa. Da kan det regionale helseforetaket omfordele ledig likviditet mellom helseforetaka om det skal gjennomførast store investeringar. Denne omfordelinga av likviditet blir nytta i ulik grad og på litt ulike måtar i dei regionale helseforetaka. Det er i NOU-en ikkje konkretisert noko meir enn at det er ulik praksis.
Det står i protokoll frå foretaksmøtet i Helse Sør-Øst RHF den 8. mars 2019 under sak 3 Målbilde for videreutvikling av Sykehuset Innlandet HF pkt. 7: Konseptfase skal starte i 2021, forutsatt at den økonomiske situasjonen for Sykehuset Innlandet HF er slik at det kan etableres økonomisk bærekraft på helseforetaksnivå for byggeplanene. Planleggingsrammen er 8,65 milliarder kroner (2018-kroner)
Sykehuset Innlandet HF har gjennomgått og gjennomgår store økonomiske innstramingar som både pasientar og kommunar kjenner konsekvensane av. Dette for å spare opp 30 % eigenfinansiering som dei må ha for å kunne ta opp 70 % lån for fullfinansiering av eit eventuelt nytt hovudsjukehus. Pr. nå er det så vidt eg har fått opplyst spara opp 1,9 milliarder av ein sum på ca. 3 milliardar.