Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1357 (2020-2021)
Innlevert: 19.02.2021
Sendt: 19.02.2021
Besvart: 25.02.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Den 31.8.20 sendte Orkland kommune et vedtak i kommunestyret til KLD der de ber Departementet endre verneforskrifta for Grytdalen naturreservat. Der bes det om å sette i gang en prosess for å etablere Grytdalen som nasjonalt referanseområde for biologisk mangfold og forsking. Dette innebærer blant annet innføring av jaktforbud i det sentrale naturreservatet.
Hva mener statsråden om dette lokale ønsket, støttet av mange tverrpolitiske og tverrfaglige organisasjoner, og hvorfor har det tatt så lang tid å svare på henvendelsen?

Begrunnelse

I saksutredningen for kommunestyrevedtaket i Orkland står følgende: «Norge har ikke tradisjon for totalvern av større verneområder slik som mange andre land. Et verneområde med totalfredning kan styrke arbeidet med å stanse tapet av biologisk mangfold. Særlig er det trukket fram at det er viktig med gode referanseområder med små inngrep for å forstå utviklinga og for å finne gode tiltak i arbeidet med å bremse tapet av biologisk mangfold. Ønsket om Grytdalen som nasjonalt område for totalvern er begrunnet med at:

• Hele området er i statlig eie, og derfor har lavt konfliktgrunnlag mtp. utvidet vern. • Det foreslåtte området er relativt stort (ca. 22 000 daa), og med statlig eid bufferomåde rundt deler. Songlieiendommen (Statsbygg) er totalt 76 000 daa, og Husdal Statsallmenning 12 000 daa, til sammen 88 000 daa statlig eiendom.
• I den sentrale delen av Grytdalen har det ikke vært jakt på ca. 60 år, slik at en starter med et område som i utgangspunktet er lite berørt.
• Songli forsøksgård har vært et senter for biologisk forskning fra 1954 til 1980-tallet. Det fins derfor gode data og mange forskningsrapporter for store deler av det biologiske mangfoldet i området.
• Dagens vern av Grytdalen er godt forankra i lokalbefolkninga og i berørte kommuner
• Området ligg nær forskningsmiljøet på NTNU og NINA, og Miljødirektoratets avdeling i Trondheim (tidligere direktoratet for naturforvaltning)». Naturvernforbundet i Trøndelag ber i en uttalelse om at Klima- og Miljødepartementet legger vekt på det brede samarbeidet mellom kommunen og natur- og friluftsorganisasjonene denne saken.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg er glad for at folk er opptekne av naturen og at dei viser eit stort engasjement for å ta vare på den. Spørsmålet om å etablere eit nasjonalt referanseområde for biologisk mangfald og forsking i Grytdalen naturreservat vart etter det eg kjenner til fyrste gongen fremma i åra 2012 -2013 av mellom anna fleire organisasjonar og dåverande Orkdal kommune. Det er mellom anna tidlegare forsking på hjortevilt som har vore trekt fram i denne samanheng. I samband med forslaget om referanseområde har det kome forslag om eit permanent jaktforbod den statlege eigedomen på Songli. Det har etter det eg har fått opplyst vore praktisert jaktforbod i delar av området i mange år.
Miljødirektoratet fekk i 2015 i oppdrag å vurdere spørsmålet om utviding av naturreservatet i Grytdalen og etablering av eit referanseområde. Deira konklusjon var at området kunne vere aktuelt som nasjonalt referanseområde for småvilt, men at området ikkje var så godt eigna som referanseområde for storvilt, inkludert den hjortestamma som har tilhald i Grytdalen.
Departementet har difor så langt ikkje sett det som aktuelt å utvide naturreservatet med tanke på å innføre eit referanseområde i Grytdalen, eller å gå vidare med saka på annan måte.
Eg er oppteken av å ha god kunnskap om naturen og kva for endringar som skjer med den, ikkje minst i desse tider kor vi har pågåande klimaendringar. Samstundes viser eg til at vi alt har fleire slike referanseområde i Noreg kor det gjennom lengre tid er gjennomført naturvitskapeleg kartlegging og undersøking.
På bakgrunn av oppmodinga frå Orkland kommune vil mitt departement vurdere spørsmålet om referanseområde i Grytdalen på nytt. Før eg tek stilling til om Grytdalen kan vere aktuelt som eit slik referanseområde vil eg innhente ei ny vurdering frå Miljødirektoratet.