Skriftlig spørsmål fra Une Bastholm (MDG) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1362 (2020-2021)
Innlevert: 19.02.2021
Sendt: 19.02.2021
Besvart: 25.02.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Une Bastholm (MDG)

Spørsmål

Une Bastholm (MDG): Mener statsråden at naturkartleggingsverktøyet “Natur i Norge” fungerer tilfredsstillende i dag?

Begrunnelse

I en artikkelserie i november 2019 satte tidsskriftet Pan søkelys på det nye naturkartleggingssystemet “Natur i Norge” (NiN). Der uttrykte flere biologer og andre fagfolk bekymring for at systemet ikke er godt nok egnet til å skille mellom verdifull og mindre verdifull natur. Blant annet konkluderte en rapport fra Biofokus, en uavhengig stiftelse som arbeider med naturkartlegging og formidling av bevaringsbiologi, med at skogbruket systematisk underrapporterer viktige miljøverdier i skog. Biofokus er bekymret for at NiN kan bidra til at den mest verdifulle naturen ikke blir vernet.
Andre, blant andre Sabima, kritiserte Miljødirektoratet for at systemet ble tatt i bruk som naturkartleggingsverktøy før metoden var ferdig utviklet.
Naturkartlegging er grunnlaget for god arealplanlegging, og god arealplanlegging er grunnlaget i forvaltningen av naturen i Norge. Ifølge FNs naturpanel er nedbygging av naturen den største trusselen mot naturen på jorda. I Norge trues stadig mer urørt natur av veier, hytter og industri.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: I grunngjevinga peikast det på at naturkartleggingssystemet har motatt kritikk på at det ikkje er godt nok egna for å skilje mellom verdifull og ikkje verdifull natur, samt kritikk på at systemet blei tatt i bruk før det var ferdig utvikla.
Stortinget bestemte i 2015 at offentleg finansiert kartlegging av naturtypar i Noreg skulle skje etter Artsdatabanken sitt system for å skildre naturen vår, kalla Natur i Norge (NiN). Klima- og miljødepartementet gav difor Miljødirektoratet oppdrag om å følgje Stortinget si avgjersle ved å legge om kartlegginga av natur frå den tidlegare metoden, kalla DN-håndbok 13, til NiN. Den tidlegare metoden vart kritisert for å gi for subjektive vurderingar om kva som var verdifull natur og kor den fanst.
Formålet med kartlegginga av naturtypar er å sikre at god og oppdatert kunnskap om natur ligg tidleg føre i planprosessar knytt til mellom anna samferdselsprosjekt og energiprosjekt. At kunnskapen er tilgjengeleg på eit tidleg tidspunkt, gjer det lettare å ta omsyn til den viktige naturen. Tidleg kunnskap bidrar òg til å sikre god planlegging og effektive prosessar med færre overraskingar, ved at det i mindre grad vert behov for supplerande kunnskapsinnhenting. Område med stor aktivitet og stort utbyggingspress vert i samsvar med Meld. St. 14 (2015-2016) kartlagt fyrst.
Eg meiner at NiN i dag eignar seg godt til formålet, og at verktøyet vert brukt slik Stortinget har bestemt. Vi kartlegg naturtypar for å gi data for forvaltning og politiske avgjerder, og dette leverer vi på. Kartlegginga har ein effektiv, heildigital dataflyt der kunnskapen vert gjort tilgjengeleg for alle så snart den er kvalitetssikra. Vi kartlegg etter føringane frå Stortinget ved at vi kartlegg etter NiN-systemet, vi sikrar mest mogeleg objektive data og vi skil mellom den mest verdifulle naturen og anna natur, som eit grunnlag for god arealplanlegging. Gjennom naturtypekartlegginga etter NiN har vi no til saman kartlagt eit område på rundt 5 600 km²- det tilsvarar om lag 12 gonger arealet av Oslo kommune.
Kvar førekomst av ein naturtype vert plassert i ein kvalitetsklasse etter eit fastsett kriteriesett. Det finst fem slike klassar. Analysar av kartleggingsresultat viser at kartleggingsmetoden skil godt mellom den mest verdifulle naturen og anna natur. Resultat frå kartlegginga i 2020 viser at det var til saman 11 % av naturtypeførekomstane som hadde svært høg kvalitet, 27 % med høg kvalitet, 30 % med moderat kvalitet, 25 % med låg kvalitet og 7 % med svært låg kvalitet. Dette viser at systemet som skal gi svar på kor den mest verdifulle naturen finst er på plass og verkar.
Miljødirektoratet har fått kritikk for implementering av NiN-systemet i kartlegginga, og for å ha tatt dette for raskt i bruk i kartlegging. Både systemet, og bruken av det, har endra seg gjennom dei siste åra, og fleire opplever dette som uryddig. Etter mitt syn har dei fyrste åra, med kartlegging i felt etter ny metode, vore naudsynte for å få utvikla eit robust system for å kartlegge natur kor vi sit att med data som kan brukast som tenkt – i forvaltninga av naturen vår.
Alle departementa har ansvar for å skaffe kunnskap om påverknad på klima og miljø frå eigen aktivitet. I samsvar med forskrift om berekraftig skogbruk kartlegg skogbruket miljøverdiar i skog etter eigen metode kalla Miljøregistreringar i skog. Om skogbruket underrapporterer miljøverdiar i skog er dette i hovudsak innanfor landbruks- og matministeren sitt ansvarsområde.