Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1395 (2020-2021)
Innlevert: 22.02.2021
Sendt: 23.02.2021
Besvart: 01.03.2021 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Har regjeringa gitt opp å finne eit alternativ til bruk av sand og kjemikaliar for baneavising på Evenes lufthamn, sidan det no vert søkt om å nærarast doble utsleppsløyve baneavisingskjemikaliar på Evenes lufthamn?

Begrunnelse

Avinor har søkt om å nesten doble utsleppsløyve på baneavisingskjemikaliar på Evenes Lufthamn. I søknaden til statsforvaltaren i Nordland, datert 04.02.21 står det følgjande:

«Forbruk av baneavisingskjemikalier tilsvarende et kjemisk oksygenforbruk på 65000 kg KOF/sesong. Dette er en økning fra 35 000 kg KOF/sesong i dagens tillatelse og baserer seg på endring i driftskonsept, økte arealer og minimal bruk av sand.»

Det vert vist til at det kan nyttast minimalt med sand samt endring i driftskonseptet. Senterpartiet har ved fleire høve stilt spørsmål til korleis ein skal holde rullebana på Evenes operativ heile året når militære fly skal operere frå Evenes. Forsvarsministren har ved eit tidlegare høve svara at ein skulle drive meir mekanisk fjerning av is og snø samt at Forsvarets forskningsinstitutt har fått i oppgåve å undersøke alternativ til dagens kjemikaliebruk.
Avising og bruk av kjemikaliar på dagens rullebane ved Evenes lufthamn er ei kjent utfordring. Ettersom basen ligg tett på Ramsar-område, er utsleppsløyvet for kjemikaliar mykje lågare enn ved andre militære flyplassar, som Bodø, Andøya og Ørlandet. I tillegg er det forbod mot bruk av urea, det mest effektive kjemikaliet. Ved den sivile lufthamna på Evenes vert det i dag nytta sand for å halde rullebana operativ. Dette er vanleg ved sivil luftfart, men byr på store utfordringar for militære fly. For det fyrste kan underhengande last, sensorar, optikk, våpen og liknande bli påført store skadar ved bruk av sand på rullebana. For det andre skal militære fly brukast og vedlikehaldast i fleire tiår, og dei toler difor ikkje slitasjen bruk av sand fører med seg.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Avinor er innehavar av konsesjon og utsleppsløyve for Evenes lufthamn. Evenes flystasjon skal frå 1. januar 2022 vere base for NATO sin kampflyberedskap med F-35. Avinor søkjer difor om ei revidert utsleppsløyve basert på eiga erfaring og den informasjon Avinor har i dag om minimal bruk av sand og auka flyoperative flater å drifte.
Sjølv om Avinor no har søkt Statsforvaltaren i Nordland om endra utsleppsløyve, har ikkje regjeringa gitt opp å finne eit alternativ som kan redusere bruk av sand og kjemikaliar for baneavising på Evenes lufthamn. Parallelt med handsaminga av søknaden fortset difor testinga av eit driftskonsept med minimal bruk av sand denne vintersesongen. Dette arbeidet er basert på ein hypotese om at mekanisk arbeid kan redusere behov for bruk av baneavisingskjemikaliar og sand.
Forsvaret søker parallelt med Avinor sitt arbeide å avklare om bruk av fastsand som verkemiddel likevel kan nyttast. Svar på dette arbeidet kan forventast i løpet av denne vintersesongen. Ved eit positivt svar kan bruk av kjemikaliar reduserast.
Forsvarets forskingsinstitutt arbeider framleis med prosjektet som skal avklare/diskutere alternative løysingar til bruk av sand og kjemikaliar. Det ligg førebels ikkje føre nokon konklusjon frå dette prosjektet. Sluttrapport er planlagt levert medio 2021.