Skriftlig spørsmål fra Terje Halleland (FrP) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1430 (2020-2021)
Innlevert: 25.02.2021
Sendt: 26.02.2021
Besvart: 05.03.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Terje Halleland (FrP)

Spørsmål

Terje Halleland (FrP): Mener statsråden at biogass ikke vil defineres som et nullutslippsalternativ, og derfor vil rammes negativt av de foreslåtte tiltakene for transport og kriteriene for disse som regjeringen legger til grunn i handlingsplanen og klimaplanen?

Begrunnelse

Regjeringen la frem sin varslede Handlingsplan for biogass sammen med Klimaplan for 2021-2025. Samtidig som handlingsplanen peker på noen tiltak for å øke markedet for biogass, bruker man begrepet nullutslipp på en rekke områder der man beskriver rammene for teknologivalg innen transport. Det vil legge begrensninger på markedspotensialet for biogass hvis kriteriene for nullutslipp ikke inkluderer biogass.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Bruken av ordet nullutslepp er basert på at det ikkje skjer eit punktutslepp frå køyretøyet. Elektriske køyretøy og hydrogenkøyretøy gir ikkje lokale utslepp. Forbrenning av fossilt drivstoff, biodrivstoff og biogass gir slike utslepp og blir dermed ikkje omtalt som nullutslepp.
Utsleppa frå transportsektoren må ned. Det handlar om å redusere transportomfanget, og å få til ein overgang til kollektivtransport, sykkel og gange, samtidig som vi må redusere utsleppa frå køyretøya vi nyttar. Biogass er saman med nullutslepp og biodrivstoff ein del av løysinga for å redusere desse utsleppa. Regjeringa har allereie verkemiddel for biogass og vi støttar investering i produksjonsanlegg, infrastruktur og bruk gjennom ulike ordningar. DFØ har også offentleggjort nye innkjøpsråd for offentlege innkjøp av klima- og miljøvennlege drivstoff. I desse råda kjem biogass frå avfall og rester godt ut.
Regjeringa har eit mål om at innan 2025 skal alle nye bybussar vere nullutslepp eller bruke biogass. Vi varslar i Klimaplanen at vi vil gjere dette til eit statleg krav i offentlege innkjøp frå og med 2025. Samferdsledepartementet har gitt Statens Vegvesen i oppdrag å utgreie dette.
Biogassproduksjon frå avfall og restar er ein ressurseffektiv teknologi for behandling av avfall og har generelt høg klimanytte. I tillegg blir næringsstoff resirkulerte når biorest frå biogassproduksjonen blir nytta som biogjødsel. Biogass kan også vere eit viktig tiltak for å redusere klimagassutslepp frå husdyrgjødsel.