Skriftlig spørsmål fra Terje Halleland (FrP) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1461 (2020-2021)
Innlevert: 25.02.2021
Sendt: 01.03.2021
Besvart: 12.03.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Terje Halleland (FrP)

Spørsmål

Terje Halleland (FrP): Kan statsråden redegjøre for om det er laget beregninger på hvor mange fyllestasjoner for biogass man vil trenge langs hovedferdselsårene for å skape en fornuftig infrastruktur for biogass innen langtransport, og kan statsråden i så fall redegjøre for hva beregnet investeringskostnad vil være?

Begrunnelse

Økt bruk av biogass er en målsetting i regjeringens klimaplan. For å oppnå økt bruk peker bransjen på behovet for investeringer i infrastruktur for fylling av biogass i hele landet, spesielt langs hovedferdselsårene. Enova har i dag en støtteordning for investeringer som ikke ser ut til å utløse mange investeringer i denne typen infrastruktur.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg er einig i premissa stortingsrepresentant Halleland legg til grunn for spørsmålet sitt, om at infrastruktur for fossilfri drivstoff og nullutsleppsteknologi er avgjerande for å lukkast i omlegginga av transportsektoren, særleg for tungtransporten. Eg har sjølv vore i kontakt med aktørar i transportnæringa som særleg peikar på biogass som eit alternativ for å få ned utsleppa. Regjeringa legg til rette for auka produksjon og bruk av biogass gjennom dei generelle og sektorspesifikke verkemidla i klima- og miljøpolitikken. Det er ikkje satt noko tal på kor mange fyllestasjonar som skal byggjast.
Som stortingsrepresentant Halleland peikar på i spørsmålet sitt, støttar Enova etablering av offentleg tilgjengeleg infrastruktur for biogass. Enova gir stønad i dei tilfella der drifta av biogasskøyretøy som har fått stønad, krev utbygging av fyllestasjon. Enova har til no støtta 34 fyllestasjonar for komprimert biogass (CBG) og to stasjonar for flytande biogass (LBG). Departementet styrer Enova på eit overordna nivå gjennom fireårige avtalar. I den nye styringsavtala for perioden 2021-2024 er Enova spissa som klimaverkemiddel. Enova skal medverke til lågare ikkje-kvotepliktige utslepp, og til den nødvendige teknologiutviklinga fram mot 2030 og lågutsleppssamfunnet i 2050. Innanfor rammene av avtalen er det er opp til Enova å utforme støtteprogram, prioritere mellom område og gi stønad til prosjekt. Enova står fritt til å støtte infrastruktur dersom dei meiner det vil hjelpe til å oppfylle formål og delmål. Den nye avtalen endrar ikkje på det.
Ved sidan av Enova, kan Klimasats gi stønad til infrastruktur i kommunar som ønskjer å satse på biogass i kollektivtrafikken.
Vi følgjer situasjonen i marknaden og vil sjå på om ordningane er målretta nok for å få fortgang i utviklinga.