Jenny Klinge (Sp): Som ein konsekvens av at fødeavdelinga ved Kristiansund sjukehus er stengt i samband med samlinga av fødetilbodet i Molde, er også overgrepsmottaket i Kristiansund stengt.
Kva meiner helseministeren om dette og korleis vil han sørgje for at tilbodet til overgrepsutsette frå Nordmøre blir best mogleg framover?
Begrunnelse
Overgrepsmottaket hjelper ungdom og vaksne som har vorte utsette for sekselle overgrep eller forsøk på slikt, og ein møter personell som er særleg opplært til å arbeide med overgrepssaker. Det er sjølvsagt negativt at overgrepsmottaket òg er stengt i og med situasjonen kring fødeavdelinga i Kristiansund. Det er viktig at tilhøva blir lagt til rette for at personar som opplever overgrep eller forsøk på overgrep lettast og best mogleg kan få hjelp. Dette handlar både om å gjera situasjonen minst mogleg belastande for den enkelte, men også om mogleg sporsikring slik at det blir mogleg å ta gjerningspersonar.