Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1671 (2020-2021)
Innlevert: 16.03.2021
Sendt: 17.03.2021
Besvart: 23.03.2021 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Er det korrekt at det vert jobba for at Forsvaret skal gå bort frå frivilligheitsprinsippet når det kjem til vaksinering mot Covid-19 av forsvarstilsette i operativ teneste og dersom ja, når vil statsråden leggje fram sak for Stortinget om eventuelle endringar i forsvarslova?

Begrunnelse

Senterpartiet er informert frå tilsette i Forsvaret at ein planleggjer å gå bort frå frivilligheitsprinsippet når det kjem til vaksinering mot korona av forsvarstilsette i operativ teneste. Tilsette har meldt om at ein blir tatt av vaktteneste om ein ikkje ynskjer å la seg vaksinere, samt at ein vert pressa til å søke seg bort frå operativ teneste. Frivilligheitsprinsippet ligg til grunn for koronavaksinering for både helsepersonell og samfunnet for øvrig. Vaksiner mot korona er førebels under vilkårsbunden godkjenning.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Det visast til brev frå Stortingspresidenten av 17. mars 2021 med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete. Representanten spør om det er korrekt at det vert jobba for at Forsvaret skal gå bort frå frivilligheitsprinsippet når det kjem til vaksinering mot Covid-19 av forsvarstilsette i operativ teneste, og dersom ja, når vil statsråden leggje fram sak for Stortinget om eventuelle endringar i forsvarslova?
Representanten grunngjev spørsmålet med at Senterpartiet er informert om at forsvarstilsette har blitt pressa til å søkje seg bort frå operativ teneste dersom dei ikkje ønskjer å la seg vaksinere.
Forsvaret har heimel i forsvarslova § 20 til å påleggje tenestepliktige å ta dei vaksinane som er naudsynte for teneste i Forsvaret. Kva for vaksinar som er naudsynte er basert på ei vurdering av risiko for smittsame sjukdommar for den konkrete tenesta. Covid-19 er lista som ein allmennfarleg smittsam sjukdom etter forskrift om allmennfarlege smittsame sjukdommar § 1, jf. smittevernlova § 1-4.
Det finst ei rekkje tenestestillingar der Forsvaret stiller krav om vaksine for personellet. Forsvaret opplyser at dei gjev god informasjon om bakgrunnen for vaksinekravet. Forsvarslova § 20 er ikkje ein heimel for tvangsvaksinering. Vaksinasjon er eit kvalifikasjonskrav for å fylle spesifikke stillingar i Forsvaret. Forarbeida til forsvarslova nemner også uttrykkeleg i tilknyting til § 20 at dei som motset seg naudsynte vaksinar, ikkje vil vere skikka til teneste. Dersom ein tilsett skal gjere teneste under forhold som fell innanfor vaksinasjonsplikta etter § 20, men vedkomande likevel ikkje vil la seg vaksinere, verken kan eller vil Forsvaret tvinge fram vaksinering.
Forsvarsdepartementet planlegg ikkje å foreslå endringar i forsvarslova på dette punktet.