Skriftlig spørsmål fra Terje Halleland (FrP) til finansministeren

Dokument nr. 15:1678 (2020-2021)
Innlevert: 17.03.2021
Sendt: 17.03.2021
Besvart: 26.03.2021 av finansminister Jan Tore Sanner

Terje Halleland (FrP)

Spørsmål

Terje Halleland (FrP): Hva er den anslåtte merkostnaden basert på dagens kvotepris, dersom Norge ikke benytter seg av kvotefleksibilitet tilsvarende 5.7 millioner kvoter, eller regner inn CO2-opptak fra stående skog på 10 millioner tonn CO2?

Begrunnelse

I klimaplan (Meld.St.13 2021-2030) legges det opp til utslippskutt i ikke-kvotepliktig sektor på 16.6 millioner tonn CO2 frem mot 2030. I to ulike brev fra regjeringen til Fremskrittspartiet bekreftes følgende:
1) Norge kan konvertere kvoter fra EU ETS til utslippsenheter som kan brukes under innsatsforordningen tilsvarende hele Norges tilgang for perioden 2021-2030. Dette utgjør totalt opptil 5.7 millioner kvoter over tiårsperioden.
2) Dersom Norge følger de samme bokføringsreglene for opptak av CO2 i stående skog, slik som EU-landene nå skal få anledning til i sitt forsterkede klimamål, kan Norge regne inn et CO2-opptak fra stående skog tilsvarende 10 millioner tonn CO2 i referansebanen 1990-2030.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Konvertering av kvotar frå EU ETS

Regjeringa har eit mål om å redusere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa (utslepp som er omfatta av forordninga om innsatsfordelinga) med 45 pst. i 2030 samanlikna med 2005. Omrekna til eit utsleppsbudsjett svarer målet til at vi kan sleppe ut maksimalt 201,8 millionar tonn CO2-ekvivalentar over dei neste ti åra. Med dagens politikk ligg vi an til å sleppe ut 218,4 millionar tonn. Det vil difor vere nødvendig å kutte ikkje-kvotepliktige utslepp med minst 16,6 millionar tonn meir over perioden. Regjeringa ønskjer og planlegg for at desse utsleppa skal kuttast nasjonalt. Om strengt nødvendig vil vi nytte fleksibiliteten i EUs rammeverk.
Regelverket opnar for å bruke fleksible mekanismar under innsatsfordelinga. Ein form for fleksibilitet, som berre gjeld for land som har fått eit nasjonalt mål som er vesentleg høgare enn gjennomsnittet i EU, er høvet til årleg å konvertere eit avgrensa tal på kvotar frå EU ETS til innsatsfordelinga. Den årlege tilgangen Noreg har til å konvertere kvotar frå EU ETS er avgrensa til 2 pst. av 2005-utsleppa under denne ordninga, opptil 5,7 millionar kvotar over heile perioden 2021-2030.
Noreg har informert EU-kommisjonen om at vi ønsker å konvertere kvotar frå EU ETS til utsleppseiningar som kan brukast under innsatsfordelinga tilsvarande heile tilgangen Noreg har for perioden 2021–2030, totalt opptil 5,7 millionar kvotar. Å konvertere kvotar frå EU ETS inneber ikkje nødvendigvis at desse kvotane faktisk kjem til å bli brukt. Kvotene som blir konvertert, blir satt inn på ein eigen, lukka konto i kvoteregisteret under innsatsfordelinga. Utsleppseiningar som står på denne kontoen kan berre bli brukt om Noreg har eit underskot. Det vil seie at vi ikkje har oppfylt det årlege utsleppsbudsjettet gjennom innanlandske utsleppsreduksjonar eller ved å utnytte andre formar for fleksibilitet. Konverterte kvoter frå EU ETS som står på denne kontoen og som ikkje blir brukt til å oppfylle målet Noreg har under innsatsfordelinga eller i skog- og arealbrukssektoren, blir sletta på slutten av perioden og vil i så fall bidra til å overoppfylle klimamålet på EU-nivå. Norge vil uansett betale for dei konverterte kvotane i form av tilsvarande lågare inntekter frå sal av kvotar i EU ETS. Kvotar som Norge konverterer vil takast direkte frå det norske auksjonsvolumet som blir auksjonert årleg innanfor EU ETS. Kostnaden ved konvertering svarer dermed til auksjonsprisen på kvotar i EU ETS dei enkelte åra. Konverteringa av ETS-kvotar til utsleppseiningar som kan nyttast under forordninga om innsatsfordelinga må difor forståast som ein forsikringspremie som vi betaler i fall planen om innanlandske utsleppskutt skulle slå feil.
Noreg har bunde seg til å konvertere kvotar frå EU ETS til utsleppseiningar som kan bli brukt under innsatsfordelinga i første halvdel av perioden (2021-2025), om lag 3 mill. kvotar. Frå 2026 kan Noreg skalere ned eller si frå seg konvertering av kvotar. Kostnaden ved konvertering, gitt dagens kvoteprisar på i overkant av 40 euro, kan bli anslått til rundt 2,4 mrd. kronar for heile perioden, eller 1,2 mrd. kronar for perioden 2021-2025. Om kvoteprisen til dømes blir høgare, aukar kostnaden tilsvarande. Viss vi i tråd med regjeringa sin strategi ikkje bruker ETS-kvotane, vil dei samla kostnadane utgjere tapte inntekter frå dei 5,7 millionar ETS-kvotane i tillegg til kostnaden for å redusere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med 16,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Om dei konverterte kvotane ikkje blir nytta, vil dei bidra til overoppfylling av utsleppsmålet for 2030.

CO2-opptak i ståande skog

Premissen for spørsmålet om at Norge kan velgje å rekne inn CO2-opptak frå ståande skog på 10 millionar tonn CO2 i det noverande klimamålet vårt for 2030, er ikkje reelt. Det vil svekke Noreg sitt klimamål betrakteleg og bryte med prinsipp i Parisavtalen.
I februar 2020 meldte Noreg inn eit forsterka klimamål for 2030 under Parisavtalen. Det forsterka 2030-målet inneber at utsleppa skal bli redusert med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. samanlikna med 1990. I dette målet er nettoopptaket i skog- og arealbrukssektoren i utgangspunktet sett til null. I desember 2020 forsterka EU sitt 2030-mål til utsleppsreduksjonar på minst 55 pst. innan 2030. Målet er utforma som eit nettomål, det vil si at alle utslepp og opptak av klimagassar frå skog- og arealbruk blir rekna med.
Det at EU har meldt inn eit forsterka mål som blir rekna på ein annan måte enn det forsterka målet Norge har meldt inn, gir inga føring for Noreg sitt mål. Dette er fordi Norge og EU er sjølvstendige partar under Parisavtalen og har meldt inn kvart sitt separate mål. EU har meldt inn eit overordna klimamål som gjeld EUs samla opptak og utslepp. Det er ikkje slik at kvart EU-land skal oppfylle målet om å redusere netto-utslepp med minst 55 prosent. Det skal EU klare til saman. EU har ikkje avklart kva reknereglar som vil gjelde for kvart enkelt EU-land, og korleis dei kan rekne inn opptak frå skog og andre areal er enno ikkje avklart. Europakommisjonen er venta å presentere sitt utkast til oppdatert gjennomføringsregelverk for å nå sitt forsterka klimamål i juni 2021. Etter det må Kommisjonen bli einige med Europaparlamentet og Det europeiske råd om det oppdaterte regelverket før det blir satt i verk.
For Noreg vil eit mål som er identisk med EU sitt klimamål gi eit langt lågare ambisjonsnivå. Det er fordi Noreg har eit stort forventa CO2-opptak i ståande skog, mykje større enn EU relativt sett, og at nettoopptaket vil vere vesentleg høgare i 2030 enn i 1990. Eit mål på 55 pst. netto utsleppsreduksjon ville innebere at vi måtte kutte utslepp utanom skog- og arealbruk med berre rundt 25 pst. frå 1990. Norge ville altså berre trenge å gjennomføre halvparten av den utsleppsreduksjonen vi meldte inn til Parisavtalen i februar 2020. Det hadde brote med to av Parisavtalen sine viktigaste prinsipp; at landa kvart femte år skal melde inn nye utsleppsmål som er uttrykk for landet si høgast moglege ambisjon og som ikkje er svakare enn det førre målet. Det er difor ikkje eit reelt alternativ å gjere akkurat det same som EU.
Om Noreg skulle meldt inn eit nytt klimamål under Parisavtalen, der nettoopptak frå skog- og arealbruk inngjekk på same måte som i EU sitt forsterka mål, måtte det innsendte prosentmålet blitt auka betrakteleg, samanlikna med Norege sitt noverande mål. Utrekningar anslår at prosentmålet måtte blitt oppjustert til rundt 90 pst. for at det ikkje skulle svekt det innmeldte målet vårt under Parisavtalen.