Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1710 (2020-2021)
Innlevert: 19.03.2021
Sendt: 19.03.2021
Besvart: 25.03.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden sørga for at staten ikkje straffar selskap for forseinkingar som fylgje av tiltak som er sett i verk i møte med pandemien?

Begrunnelse

Kystverket har krevd dagsbøter frå Fitjar mekaniske verkstad for sein levering av eit skip midt i det mest krevande året for norsk næringsliv. Utfordringane heng sjølvsagt saman med tiltak gjort av styresmaktene i møte med pandemien. Varaordførar i Fitjar Sigurd Andre Maraas har orientert meg om saken og bedt om at saka blir løfta.
Ordføraren i Fitjar skriv slik i brev til Kystverket:
Då landet vart stengt ned den 12. mars 2020 sette styresmaktene restriksjonar for innreise, samt strenge karantenekrav for dei arbeidarane som fekk lov til å komma inn i landet. Frå våren og fram til sommaren 2020 hadde FMV fleire nybygg som skulle ferdigstillast. I tillegg hadde verftet ein del serviceoppdrag. Planen var å ha høg bemanning med arbeidarar frå utlandet for å få gjennomføra alt arbeidet i denne perioden. Då verftet måtte halda seg innafor styresmaktene sine krav, og med det ta sin del av ansvaret for å avgrensa skaden av pandemien, greidde dei ikkje å halda produksjonen oppe. Frå mars og utover var talet på arbeidarar på verftet under halvparten av det som var planlagt. Det seier seg sjølv at dette måtte gå ut over framdrifta på byggeprosjekta.
Slik eg forstår FMV, vil ikkje Kystverket godta at det er forhold utanfor det som verftet sjølv kunne påverka, som i all hovudsak var årsaka til at ferdigstillinga av MS Hekkingen vart forseinka med om lag tre månader.
Det siste året har me alle blitt oppmoda om å ta del i dugnaden, samt visa storsinn og tolmod for å få bukt med pandemien. Staten har etablert gode kompensasjonsordningar for fleire bransjar, men verftsindustrien har ikkje motteke stort av dette. Etter alt me har vore gjennom i denne krisa, og framleis står i, synest eg det er urimeleg at ein statleg etat no stemner FMV for retten for å få driva inn dagbøter.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Eg vil fyrst peike på at denne saka gjeld staten si kontraktsoppfølging og etterleving av ein kontrakt som er gitt i medhald av lov om offentlege kjøp, som staten er forplikta til å følgje.
Det er viktig at vi skil mellom tre forhold:

· Staten sine kompensasjonsordningar for å avgrense dei økonomiske følgjene av tiltaka i pandemien.
· Staten si kontraktsoppfølging der staten er part i ein gjensidig bindande avtale. Dette gjeld for eksempel prinsipp om lojalitet mellom kontraktspartar. Desse prinsippa gjeld også der staten er part i ein gjensidig bindande avtale.
· Staten si etterleving av EØS-avtalen og regelverket om offentlege kjøp. Formålsparagrafen i lov om offentlege kjøp pålegg offentlege oppdragsgivarar å forvalte staten sine midlar på ein forsvarleg måte.

Kystverket overtok OV Hekkingen frå Fitjar Mekaniske Verksted (FMV) hausten 2020. Det er semje mellom Kystverket og FMV at overleveringa av fartøyet var seinka med 91 dagar. Kystverket er også einig med FMV at covid-19 er ein legitim grunn for ei eventuell forseinking, på grunn av såkalla force majeure. Partane har likevel ikkje lukkast i å kome til semje om omfanget av forseinkinga som skuldast covid-19. FMV har akseptert 9 dagar forseinking på grunn av forhold dei har ansvar for. FMV meiner at dei andre 82 dagane skuldast covid-19. Staten har godteke at 15 dagar forseinking er knytt til pandemien. Denne forseinkinga er tilstrekkeleg dokumentert. For dei resterande 67 dagane meiner staten at FMV ikkje har lagt fram tilstrekkeleg dokumentasjon på årsakssamanhengen mellom forseinkinga og pandemien.
Staten har redusert sitt krav for å prøve å kome til ei minneleg løysing og har i forhandlingar flytt seg mykje frå det opphavlege utgangspunktet i eit forsøk på å oppnå forlik med FMV. Då det likevel ikkje var mogeleg å kome til semje, har staten, i samsvar med kontrakten, teke ut stemning.
Saka har prinsipiell karakter. Kjernen i saka omhandlar vurdering av samanhengen mellom årsaka som leverandøren viser til og dokumentasjonskravet for tillaten forseinking på grunn av force majeure. Å lempe på dokumentasjonskravet etter ein kontrakt vil i utgangspunktet vere i strid med dei grunnleggjande prinsippa om lik behandling og førehandsvisse og vil også vere i strid med føremålet i lov om offentlege kjøp.
Eg understrekar at staten ønskjer å kome til ei minneleg løysing med FMV.