Skriftlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1754 (2020-2021)
Innlevert: 23.03.2021
Sendt: 24.03.2021
Besvart: 08.04.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Equinor har varsla at dei vil redusere offshoreflyginga frå Florø lufthamn. Ein er bekymra for om ein kan overhalde smitteverntiltak på grunn av trange forhold på terminalen.
Korleis vil statsråden sikre at aktiviteten på flyplassen kan haldast oppe, og eg ber og om at statsråden gir ei løypemelding på arbeidet med å utvide terminalområdet ved Florø lufthamn.

Begrunnelse

Gjennom epost til kommunen og oppslag i media er det komme fram at Equinor vurderer å kutte i eller flytte sine helikopteroperasjonar frå Florø til Bergen. Dette blir grunngitt med trange forhold i terminalen og utfordringar knytt til smittevern.
På flyplassen er det behov for eit nytt terminalbygg. I eit tidelegare svar til stortingsrepresentant Øystein Olsen frå dåverande samferdsleminister Ketil Solvik Olsen blei det sagt at Avinor måtte avklare ny hangar for redningshelikopter før ein starta planarbeidet for terminalutvidinga. Avklaringane var forventa i løpet av 2018. Kva er siste nytt knytt til planleggingsprosessen for ombygging av terminalen?

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Eg har lagt spørsmålet fram for Avinor AS (Avinor). Avinor viser til at Florø lufthamn følgjer dei gjeldande smittevernreglane og luftfartsnæringa sin eigen standard. Avinor har hatt ein tett dialog med aktørane på lufthamna, og særskilte behov og ønske frå aktørane skal vere varetekne. Påbod om bruk av munnbind vart innført i februar. Ruteprogrammet har vorte tilpassa for å unngå at det blir for mange folk samla i terminalen på same tid. Avinor vurderer at kapasiteten på infrastrukturen er god. På lufthamna er det stilt møterom og to brakkeriggar til disposisjon for helikopterpassasjerane. Dette i tilfelle forseinkingar o.l. fører til at det blir samla mange passasjerar på lufthamna på ein gong. Avinor vurderer at smittevernet er godt handtert ved lufthamna. Ifølgje Avinor blir dette stadfesta av leiaren av helikopterbrukarkomiteen. Avinor kjenner ikkje til at aktørane planlegg endringar i talet på helikopterturar frå Florø lufthamn som følgje av forhold ved smittevernet.
Avinor har planar for eit større terminalprosjekt ved Florø lufthamn. I fyrste omgang valde Avinor å sjå an den videre planlegginga til det var kome ei avklaring rundt ein ny hangar for redningshelikoptera. Denne avklaringa kom i fjor. Pandemien har ført til at Avinor har mista mange passasjerar og tilsvarande inntekter. Etter Avinors gjeldande planer vil ein ny terminalinfrastruktur på Florø lufthamn tidlegast kunne vere på plass i 2027. Som følgje av utsetjinga har Avinor sett i verk tiltak for å betre tilhøva på dagens helikopterterminal. Avinor vil mellom anna byggje eit nytt inngangsparti til helikopterterminalen, som er skilt frå flyterminalen, for å redusere talet på passasjerar som oppheld seg i terminalområdet på same tid. Ombygginga er planlagd å vere ferdig hausten 2021. Avinor har orientert helikopterbrukarkomiteen og den politiske leiinga i Kinn kommune om utsetjinga av hovudprosjektet og om ombygginga av dagens helikopterterminal.
Som gjennomgangen frå Avinor viser, har Avinor sett i verk tiltak for å vareta smittevernet og sikre at aktiviteten på lufthamna kan haldast oppe. Som kjent er elles Avinor hardt råka av pandemien. For å avhjelpe den økonomiske situasjonen fekk Avinor utbetalt 3,7 mrd. kroner i driftsstøtte i 2020. I Prop. 179 S (2019-2020), jf. Innst. 233 S (2019-2020), løyvde Stortinget inntil 2,75 mrd. kroner i tilskot til Avinor i første halvår 2021. Ytterlegare løyvingar kan vere nødvendige i andre halvår 2021 og i 2022. For å avgrense tilskotsbehovet har Avinor vore nøydt til å utsetje og tilpasse nokre av investeringane sine, slik vi ser døme på ved Florø lufthamn. Samstundes ser vi at Avinor i mellomtida arbeider for å skape best mogleg løysingar.