Skriftlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1791 (2020-2021)
Innlevert: 26.03.2021
Sendt: 26.03.2021
Besvart: 12.04.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Det hastar, statsråd!
Når kjem handlingsplanen for dei ville pollinatorane våre, og blir han breid og handlekraftig?

Begrunnelse

Nylig hadde humlene våre og dei andre ville pollinatorane, hvis dei ikkje hadde ligge i vinterbol, kunna feira femårsjubileum for gjennomslag i Stortinget for KrFs representantforslag, dokument 8:6 S (2015-2016) om å koma med ein nasjonal strategi for å sikre fortsatt mangfald av villbier og andre pollinerande insekter.
I blomstringssesongen 2018 kom strategien, underteikna av åtte statsrådar. Breid tilnærming. Vel og bra!
Men no skriv vi 2021 og vi ventar framleis på handlingsplanen som skulle følgje opp strategien. No set vi vår lit til at det kjem ein god plan, for utan pollinatorane og utan mangfaldet av dei, er verda i trøbbel.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Tiltaksplanen for ville pollinerande insekt er planlagt lansert før sommaren. Tiltaksplanen er ein oppfølging av den nasjonale pollinatorstrategien frå 2018. Planen vil byggje på dei tre innsatsområda i nasjonal pollinatorstrategi: auka kunnskap, gode leveområde og auka formidling.
Det er mange sektorar som påverkar insekta sine leveområde, for eksempel gjennom tiltak som jordbruk, veger, bustader og liknande. Desse sektorane må derfor bidra for at vi kan ta betre vare på insekta våre. Det har det siste året, etter at Klima- og miljødepartementet fekk eit utkast til plan sendt frå Miljødirektoratet, vore eit utstrekt samarbeid med andre departement for å gjere tiltaka konkrete og samle enkelttiltak i fellestiltak der det er naturleg. Dette skal vere regjeringas plan og han skal vere brei på den måten at han skal gå på tvers av aktuelle sektorar.
Sjølv om tiltaksplanen ennå ikkje er ferdig er vi allereie i gang med mange tiltak. Mellom anna er det gjeve pengar til ei rekkje gode prosjekt over tilskotsordninga for pollinerande insekt, og i jordbruket har mange bønder sådd blomestriper. Regjeringa har også sette i gang eit nasjonalt overvakingsprogram for insekt. Dette er viktig for å få kunnskap om tilstanden til insekta og for å kunne setje i gang gode og kostnadseffektive tiltak. I tillegg har vi etablert eit pollinatorforum, som har vore og vil vere ein viktig felles arena mellom frivillig sektor, kunnskapsinstitusjonar og styresmakter i arbeidet med å teke vare på levevilkåra for pollinerande insekt.