Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:1861 (2020-2021)
Innlevert: 09.04.2021
Sendt: 09.04.2021
Besvart: 15.04.2021 av kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Når ser statsråden for seg at reguleringsplanen for K5 Bane og veg Arna-Stanghelle blir lagt ut til offentleg høyring, og når ser statsråden for seg at ferdig godkjent reguleringsplan er ferdig?

Begrunnelse

Nyleg vart forslag til ny NTP lagt fram av regjeringa med prioritering av fellesprosjektet K5 Bergensbanen og E16 Arna-Stanghelle inn i fyrste periode av komande NTP. Statsministeren har også uttalt i media at Regjeringa ynskjer oppstart av bygging av K5 i 2024.
På vegvesenet sine nettsider om framdrifta for K5 prosjektet kan ein lese fyljande:

«Med godkjent reguleringsplan medio 2021, prioritering av prosjektet i NTP 2022-33 og nødvendige løyvingar, er det mogleg med byggestart i 2024.»

På nettsida kan ein også lese pr. 09.04.2021 at reguleringsplanforslaget er sendt KMD i desember 2020, og at dato per no ikkje er sett for når reguleringsplanen vert lagt ut til offentleg ettersyn (høyring).
K5 prosjektet er som kjent eit prosjekt med både lokale, regionale og nasjonale aspekt, då ferdig prosjekt t.d. vil binde Aust og Vestlandet endå tettare saman med raskare, tryggare og pålitelig Bergensbane for person og godstrafikk.
Regionalt vil prosjektet utvide bu og arbeidsregionen rundt Bergen med trygg og langt raskare veg og Intercitybane Bergen-Stanghelle og etter kvart Voss.
Lokalt i Arna og tettstadane i Vaksdal kommune vil prosjektet kunne bidra til stor auke i folketal og næringsutvikling. Størst spenning i samband med endeleg reguleringsplan for kva lokale moglegheiter (eller evt. utfordringar) prosjektet vil gje, knyttar seg på Vaksdal naturleg nok til endeleg val av trase gjennom Vaksdalsbygda.
Her har Vaksdal kommune gjennom heile planprosessen vore tydeleg på at det er viktig å velje B2 alternativet gjennom Tolåsen, for å sikre at det framleis er eit samla bygdesentrum å utvikle etter prosjektet er ferdigstilt. SVV sitt arbeid med reguleringsplanen har jo også gledeleg nok etterkvart vist at kostnads forskjellen mellom Alt. B1 og B2 er marginal, så kommunen og spørsmållstiller håpar statsråden i sin endelege reguleringsplan vel alternativ B2-Tolåsen

Nikolai Astrup (H)

Svar

Nikolai Astrup: Forslaget til statleg reguleringsplan for E16 og Vossebanen på strekninga Arna-Stanghelle er til handsaming i Samferdselsdepartementet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ennå ikkje fått oversendt planforslaget med deira tilråding, mellom anna om trasévalet i Vaksdal. Eg kan derfor ikkje seie når planforslaget kan leggjast ut på høyring og offentleg ettersyn, eller når eg kan fatte endeleg avgjerd i saka.
Fellesprosjektet K5 Bergensbanen og E16 Arna-Stanghelle vil gi ein trygg reiseveg internt i regionen, og eit betre samband mellom Vest- og Austlandet. Eg deler stortingsrepresentanten sine forventningar til dei positive ringverknadene av prosjektet, og vil handsame planforslaget så effektivt som mogleg når vi får det frå Samferdselsdepartementet, slik at det kan leggjast ut til høyring og offentleg ettersyn.