Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1862 (2020-2021)
Innlevert: 09.04.2021
Sendt: 09.04.2021
Besvart: 26.04.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Er statsråden samd i at begge bruene bør byggast samtidig for å unngå store trafikkutfordringer på vegnettet på Tysnes?

Begrunnelse

Når regjeringspartiene lekka informasjon om NTP 10. mars har NRK ei sak der det mellom anna står: Regjeringa vil begynne med veg, bru og tunnel frå Stord til Tysnes.
Dette kan lesast som at regjeringa ikkje vil bygge bru over Bjørnefjorden og Langenuen samtidig. Spørsmålstiller er skeptisk til ein slik tankegang. Vegnettet over Tysnes er i dag for dårleg for dagens trafikk og det vil bli heilt uhaldbart om E39 trafikken skal komma over Tysnes før heile vegstrekket er ferdig.
Difor er det avgjerande i vidare planlegging at man tenker heilhetleg utbygging og ikkje stykkevis og delt.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: I regjeringa sitt framlegg til NTP 2022-2033 er det lagt til grunn at anleggsarbeid i prosjektet E39 Ådland – Svegatjørn (Hordfast) kan starte opp i første periode, og det er sett av 1 mrd. kroner i statleg bidrag til prosjektet i perioden 2022 - 2027.
Arbeidet med prosjektet er enno i ein relativt tidleg fase. Arbeid med statleg reguleringsplan for heile strekninga frå Ådland på Stord til Svegatjørn i Os er starta opp. Parallelt med at arbeidet med reguleringsplanen held fram, vil Statens vegvesen arbeide vidare med å få på plass ein endeleg kontrakts- og gjennomføringsstrategi.
Statens vegvesen opplyser overfor meg at byggetida for begge dei to store bruene i prosjektet, over Bjørnefjorden og Langenuen, vil vere om lag like lang (6-7 år). Dette taler for at anleggsarbeid på begge bør starte om lag til same tid, dersom heile prosjektet skal gjennomførast på så kort tid som råd er.