Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1951 (2020-2021)
Innlevert: 17.04.2021
Sendt: 19.04.2021
Besvart: 26.04.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Problem med å anskaffe veterinærbistand fører i rovviltregion 6 til at det har vore og framleis vil vera umogleg å gjennomføre anna uttak av jerv enn hiuttak fram til problemet er løyst.
Kva meiner statsråden om situasjonen og vil han sørge for tiltak som kan løyse problemet raskt?

Begrunnelse

Miljødirektoratet v/SNO mottok 2. mars brev av 25. februar frå rovviltnemnda i region 6 med spørsmål om immobilisering av jerv, som må gjerast i samband med (mogleg) enkeltuttak av jerv. Brevet gjeld situasjonen kring at Miljødirektoratet ikkje har lukkast i å få inngå avtale med veterinær, som ifølge dyrehelsepersonellova må vera personleg ansvarleg for den immobiliseringa av jerv som tilsette i SNO står for. Direktoratet prøver, slik det står i svarbrevet deira, å finne ei løysing som gjer at dei held seg innanfor lovverket for anskaffelsar. Samtidig er beitenæringa sjølvsagt veldig opptekne av at denne situasjonen skal løysast raskt og ikkje vera til hinder for uttak av jerv no som forholda i fjellet er godt eigna til uttak. Derfor er det viktig at alle moglege løysingar blir vurderte og at det ikkje går unødvendig mykje tid.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Kvart år vurderer Miljødirektoratet fortløpande behovet for og fattar ei rekkje vedtak om ekstraordinære uttak av jerv. I desse vurderingane og vedtaka tek dei mellom anna omsyn til kor det blir registrert jerv, skadehistorikken og skadepotensialet. Direktoratet har per 20. april i år fatta 16 vedtak om ekstraordinære uttak av jerv, inkludert sju hiuttak for avliving av mordyr og kvalpar, og vil halde fram med fortløpande vurdering av situasjonen med tanke på ytterlegare vedtak om uttak etter kvart som nye registreringar kjem inn utover våren. I den tida vi no er inne i har Miljødirektoratet i dei fleste område størst merksemd retta mot hiuttak. Årsaka er at dei vurderer at hiuttak vil ha best skadeførebyggande effekt fordi ein då med sikkerheit veit at det er tale om jerv med fast tilhald i dei skadeutsette områda.
Når det gjeld veterinærbistand for immobilisering av jerv opplyser Miljødirektoratet i svarbrevet til rovviltnemnda i region 6, som representanten Klinge viser til, at dei har blitt einige med Veterinærinstituttet om ei midlertidig avtale og løysing fram til sommaren 2021, og arbeider for å sjå på moglegheita for eit vidare samarbeid. Miljødirektoratet understrekar vidare at det ikkje er mangel på veterinærbistand som har vore avgrensande for moglegheita for å gjere ekstraordinære uttak av jerv i år. Situasjonen so langt har vore spesiell av to grunnar. For det første har vêr- og snøforhold, deriblant stor skredfare i mange områder, gjort arbeidet krevjande. Det er naturlegvis ikkje aktuelt å sende folk inn i område med stor skredfare for å avlive jerv. For det andre blir sjølvsagt også rovviltforvaltninga påverka av koronasituasjonen. Dette gjeld mellom anna ved transport av personell, avstandsreglar og ikkje minst smitterisiko for involvert personell og nærkontaktane deira. Nye virusvariantar, som både smittar lettare og i større grad gjev alvorleg sjukdom hos yngre folk, er forhald det må takast omsyn til også i Statens naturoppsyn.
Miljødirektoratet og Statens naturoppsyn strekk seg kvart år langt og brukar betydeleg med tid og ressursar på ekstraordinære uttak. Eg har tillit til at dei, også innanfor dei spesielle skrankane vi har i år, gjer det dei kan for å følgje situasjonen på best mogleg måte.