Skriftlig spørsmål fra Per Espen Stoknes (MDG) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1998 (2020-2021)
Innlevert: 22.04.2021
Sendt: 22.04.2021
Besvart: 28.04.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Per Espen Stoknes (MDG)

Spørsmål

Per Espen Stoknes (MDG): Vil statsråden utrede eksportforbud, eksportavgift eller andre virkemidler for å redusere eksport av usortert husholdningsavfall, og dermed øke kommunenes incentiv til å redusere restavfallsmengden, og øke de norske avfallsforbrenningsanleggenes incentiv til å satse på karbonfangst?

Begrunnelse

I statsbudsjettet for 2021 foreslo regjeringen å innføre en CO2-avgift på avfallsforbrenning. I budsjettbehandlingen i fjor høst vedtok Stortinget å innføre avgiften. I behandlingen av Innst 325 S (2020-2021) Klimaplan for 2021-2030 gikk imidlertid stortingsflertallet inn for å fjerne avgiften igjen, og erstatte den med en avgift tidligere i verdikjeden.
I naturen finnes ikke restavfall. Forbud mot eller avgift på eksport av restavfall kan øke prisene kommunene må betale for å bli kvitt usortert husholdningsavfall. Dette kan bidra til større innsats i norske kommuner både for bedre sortering og for tiltak som reduserer avfallsmengden.
Avfallsbransjen mener en avgift på avfallsforbrenning vil føre til at mer avfall blir eksportert til Sverige, siden avfallsforbrenning er billigere der. Andre aktører har pekt på at en avgift tidligere i verdikjeden vil kunne ha større effekt enn en forbrenningsavgift hvis formålet er å redusere mengden fossilt i restavfallet som går til forbrenning.
Samtidig konkluderer både Klimakur 2030 og Klimaetaten i Oslo med at en CO2-avgift på avfallsforbrenning kan øke incentivene til karbonfangst på forbrenningsanlegg. Utfordringen er dermed å finne ut hvordan man kan innrette avgiften på en måte som minimerer risikoen for økt avfallseksport, samtidig som den gir incentiver til mindre kasting av restavfall, mindre bruk av fossil plast, og samtidig bidrar til å utløse finansiering av karbonfangsprosjekter.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Det er restavfallet etter at avfallet frå hushalda er sortert som i mange tilfelle blir eksportert. Grunnene til dette er fleire. Til dømes har Sverige eit større behov for avfall til energiutnytting som fjernvarme enn vi har i Noreg. Vi er òg eit lite land, og det er ikkje alltid lønnsamt å byggje store avfallsanlegg når det er anlegg rett over grensa. Avfall er samstundes ei internasjonal handelsvare, der prisar, tilbod og etterspørsel avgjer mengda som blir importert og eksportert kvart år. Vi har heller ikkje tilstrekkeleg kapasitet i Noreg til å energiutnytte det avfallet som ikkje går til materialgjenvinning. Handel med avfall er òg regulert gjennom ei eiga forordning i EØS-avtala.
Slik stortingsrepresentant Stoknes peikar på, konkluderer både Klimakur 2030 og Klimaetaten i Oslo med at ei CO2-avgift på forbrenning av avfall vil bidra til å gjere CO2-fangst meir attraktivt økonomisk sett. Vi får truleg ikkje på plass CO2-fangst og lagring viss ikkje avfallsforbrenningsanlegga skal betale for utsleppa sine. For at næringa ikkje skulle bli belasta med ein stor ekstrakostnad utan å få tid til å tilpasse seg, foreslo regjeringa at avgiftssatsen i 2021 skulle vere 149 kroner per tonn CO2. Det svarar til 25 prosent av den generelle satsen på CO2-avgifta. Det var òg varsla at ein ville kome tilbake til ei eventuell opptrapping av avgifta i budsjettet for 2022.
Sverige har ei vidare tolking av kva avfallsforbrenningsanlegg som er kvotepliktige enn det Noreg har. Dette betyr at alle avfallsforbrenningsanlegg i Sverige, med unntak av nokre anlegg som berre forbrenn farleg avfall, er kvotepliktige. Kvoteprisen har den siste tida ligge på over 40 euro per tonn CO2. I tillegg betaler dessa anlegga òg CO2-avgift, som er planlagt å auke til 125 SEK per tonn avfall i 2022. Når det gjeld prising av utslepp er dagens situasjon klart i favør av norske ikkje-kvotepliktige anlegg som ikkje betaler for utsleppa sine.
Eg planlegg ikkje å greie ut eit eksportforbod eller ei eksportavgift. Samstundes er eg einig med stortingsrepresentant Stoknes om at vi må jobbe for å få ned mengda avfall og for å få betre sorteringa av avfallet. Dette er heilt naudsynt i overgangen til ein grøn, sirkulær økonomi. Både gjennom dei nasjonale avfallsmåla og gjennom EØS-avtala har vi ambisiøse mål for materialgjenvinning av avfall. Her må vi gjere fleire ting. Vi har ei pågåande høyring om krav til utsortering og materialgjenvinning av bio- og plastavfall frå hushaldningsavfall og liknande avfall frå næringslivet, og ei høyring om auka krav til materialgjenvinning av emballasjeavfall.
Miljødirektoratet har vidare denne månaden levert ein tiltaksanalyse til mitt departement, der dei vurderer og føreslår kva slags ytterlegare tiltak vi må iverksette for å nå dei måla vi har satt oss for utsortering og gjenvinning av avfall fram mot 2035. Eit av tiltaka dei føreslår er krav om differensierte avfallsgebyr i kommunane, slik at innbyggarane får større insentiv til å sortere avfallet sitt. Eg skal no gjennomgå forslaga frå Miljødirektoratet for å finne dei mest effektive tiltaka for å nå dei måla vi har satt oss.