Skriftlig spørsmål fra Sandra Borch (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2014 (2020-2021)
Innlevert: 23.04.2021
Sendt: 26.04.2021
Besvart: 01.05.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Sandra Borch (Sp)

Spørsmål

Sandra Borch (Sp): Mener statsråden det blir riktig å overkjøre det lokale sjølstyre på denne måten?

Begrunnelse

Tanja og Morten Staldvik Wallervand i Røyrvik har fra Miljødirektoratet fått endelig avslag på søknad om dispensasjon fra loven om motorferdsel i utmark for å kjøre nødvendig proviant og utstyr til ei hytte de bruker til utleie til blant annet jegere og fiskere, som også er en viktig binæring for familien. De har kjørt proviant og utstyr til hytta på barmark siden den ble satt opp på 1980-tallet.
Saken har gått frem og tilbake i byråkratiet siden sommeren 2020, men nå er det endelige vedtaket fra Miljødirektoratet kommet som setter foten ned for at de skal kunne kjøre med nødvendig utstyr til hytta med ATV. Direktoratet slår fast at de mener det er bedre å bruke helikoptertransport.
Røyrvik Kommune sa i kommunestyret i september 2020 ja til at familien fikk tillatelse til å kjøre fem turer med ATV inn til hytta for nyttekjøring. Statsforvalteren omgjorde vedtaket fra kommunestyret selv om Røyrvik kommune ba statsforvalteren om å ikke omgjøre vedtaket kommunestyre hadde gjort, med begrunnelse om at gårdbrukerne i fjellkommunen er avhengig av å skaffe inntekt fra utmarka si, og at å frakte inn utstyr og proviant med annen frakt enn ATV ikke er et reelt alternativ på grunn av kostanden.
Vedtaket til direktoratet ødelegger en viktig tradisjon og ødelegger næringsgrunnlaget til en hel familie.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Bakgrunnen for spørsmålet er ei sak frå Røyrvik kommune der ei bedrift har fått avslag på søknad om dispensasjon frå reglane om motorferdsel i utmark. Søkarane ønsker å køyre proviant og utstyr med ATV på barmark til ei hytte dei bruker til utleie til blant anna jegerar og fiskarar. Saka er endeleg avgjort av Miljødirektoratet, og Klima- og miljødepartementet har ikkje vore inne i handsaminga.
Årsaka til at bedrifta Røyrvik kommune ikkje får løyve til køyring, er at direktoratet meiner vilkåra for slik køyring ikkje er oppfylt etter regelverket. Om vilkåra ikkje er oppfylt, ligg det utanfor kommunens skjønn å gi dispensasjon. Saka handlar altså ikkje om å overprøve kommunens frie skjønn eller politiske vurderingar, kor klageinstansen rett nok skal leggje stor vekt på det lokale sjølvstyre. Det er her tale om ei juridisk vurdering av om vilkåra for køyring er til stade eller ikkje. Om ikkje vilkåra er oppfylt er vedtaket ugyldig. Klageinstansen har plikt til å gjere om ugyldige vedtak.
Skal ein opne for slik køyring som vert etterspurd i saka her, krev det etter mitt syn ei regelendring. Eg vil ikkje anbefale å starte ein slik prosess.
Der ein driv med næring i utmarka kan ein transportere mat og utstyr på traktorveg. Om det ikkje finns slike veger kan transportbehovet ofte dekkast på andre måtar. For eksempel ved at ein fraktar ved, gass, tørrmat etc. inn vinterstid med snøscooter eller beltebil. Det er gjerne den løysinga som vert praktisert i dag for vegløyse utleigehytter som det er ganske mange av, og som er eid av både private, Statskog, fjellstyre eller ulike foreiningar. Det er altså som hovudregel ikkje avgjerande med transport på barmark for å kunne drifte slike hytter.
Eg vil påpeke at reglane er strengare når det gjeld køyring på barmark enn for køyring på snødekt mark. Årsaka til dette er at barmarkskøyring har mykje større potensial for slitasje og skader på terreng og vegetasjon enn køyring vinterstid. Køyring på barmark er ei utfordring mange stadar i dag. SNO erfarer at omfanget av ulovleg barmarkskøyring aukar i mange kommunar, både som sport og knytt til jakt og anna utøving av næring, jf. Stortingsmeldinga om miljøkriminalitet.
Vi har mange hytter som ikkje ligg ved vegar her til lands. Ei utviding av mogelegheita til næringskøyring på barmark vil kunne være vanskeleg å avgrense og vil innebere ei potensiell stor auke i barmarkskøyring, med dei køyreskadar dette gir, i tillegg til ulemper for friluftslivet.