Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2087 (2020-2021)
Innlevert: 30.04.2021
Sendt: 03.05.2021
Besvart: 10.05.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Vil statsråden sikre at det blir enkelt og ubyråkratisk å få støtte til enkle energisparetiltak i sitt eget hjem gjennom Enova, og sørge for at Enova faktisk utbetaler de 300 millioner som er stilt til disposisjon for støtte til husholdningene i 2021?

Begrunnelse

Stortinget har vedtatt et mål om 10 TWh energisparing i bygg. Husholdningene bruker hvert år nesten 50 TWh energi, og vil være viktige for å nå dette målet. Det er stor motivasjon hos folk til å være med i en klimadugnad gjennom investeringer i smarte styringssystemer, varmepumper, solceller, etterisolering og mer energieffektive vinduer. Vi trenger et Enova som er opptatt av at folk gjør de riktige grepene, og ikke dreper tiltakslysten ved å henge seg opp i ubetydelige detaljer. Vi har sett eksempler på husholdninger som har investert 3 millioner for å få en mer energieffektiv bolig, og blir nektet 125 000 i støtte fra Enova på grunn av bagatellmessige formelle feil.
Hvert år betaler norske privatpersoner inn til sammen om lag 400 millioner kroner til Enova over nettleia. I 2020 var det avsatt 250 millioner kroner til energitiltak i husholdningene, men Enova utbetalte kun 156 millioner. Dette til tross for at det er 1,5 - 2 millioner hus i Norge bygd mellom 1950 og 1980 hvor svært mange har behov for energirehabilitering.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Enova er ein viktig aktør for utvikling av teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet. Frå 1. januar 2021 tredde den nye styringsavtala mellom Enova og Klima- og miljødepartementet i kraft. Den nye styringsavtala inneber at ein legg enda sterkare vekt på Enova som klimaverkemiddel. Formålet til Enova vil framover vere å bidra til å nå Noreg sine klimaforpliktingar og medverke til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Dette vert utdjupa gjennom delmål om å medverke til a) reduserte ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp mot 2030, og b) teknologiutvikling og innovasjon som bidreg til utsleppsreduksjonar fram mot lågutsleppssamfunnet i 2050. Enovas aktivitet skal rettast mot seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon, med sikte på oppnå varige marknadsendringar slik at løysingar tilpassa lågutsleppsamfunnet på sikt blir føretrekt utan stønad. Enova skal prioritere innsatsen der han gjev mest effekt og moglegheitene for å påverke utviklinga er størst.
Departementet styrer Enova på eit overordna nivå, i hovudsak gjennom fireårige styringsavtaler. Innanfor rammene av avtala har Enova fagleg fridom til å prioritere mellom område, utforme program og tildele støtte til enkeltprosjekt. Enova skal prioritere innsatsen der han gjev mest effekt og moglegheitene for å påverke utviklinga er størst, og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet.
I den nye avtala har vi auka summen som skal settast av til hushald (Enovatilskuddet) frå 250 millionar kroner til 300 millionar kroner årleg. I tillegg til dette blir ordninga justert slik at ho no omfattar tiltak hos hushald og forbrukarar for å medverke til reduserte klimagassutslepp og omstilling til lågutsleppssamfunnet.
Hushald kan i hovudsak få støtte til ulike tiltak til bustaden gjennom stønad frå Enovatilskuddet. Eg meiner det er viktig å påpeke at Enovatilskuddet i stor grad verkar til å ha god tilslutning. Enova støtter fleire tusen hushald og boligeigarar årleg gjennom Enovatilskuddet, og sidan lanseringa av Enovatilskuddet i 2015 har den samla stønaden og talet på saker frå Enovatilskuddet årleg vore som følgjer:

2015: 65 millionar (3 740 saker)
2016: 120 millionar (6 465 saker)
2017: 165 millionar (8 123 saker)
2018 275 millionar (14 485 saker)
2019: 335 millionar (20 781 saker)
2020: 156 millionar (9 113 saker)

Den årlege samla stønaden har gradvis auka år for år. Unntaket er 2020. I 2020 blei det gitt støtte til 9 115 prosjekter i Enovatilskuddet. El-produksjon er tiltaket som fekk flest tilskott med nesten 18 prosent. Produksjon av el i hushald er i hovudsak knytt til installasjon av solceller på bustad. Nesten like mange tilskott, 17 prosent, blei gitt til installasjon av balansert ventilasjon.
Varmepumpeløysingar og vassbåren varme var også blant dei mest populære tiltaka, sjølv om desse hadde ein nedgang. Dette kan ha samanheng med at bustadeigarane ut 2019 fekk tilskott til fjerning av oljefyr kombinert med kjøp av andre fornybare varmekjelder, som til dømes varmepumpe. Frå 2020 blei det forbod mot å fyre med fossil olje i bustader og bygg, og Enova sitt stønadstilbod til å fasa ut oljefyr blei avvikla.
Enovatilskuddet er ei enkel og ubyråkratisk ordning, med tydelege og transparente kriterium for å få stønad under dei gjeldande programma. Dette gjer at Enova i stor grad unngår skjønnsmessige vurderingar av enkeltsaker, og at alle søknadar og brukarar blir behandla likt og på like vilkår. Tydelege og transparente kriterium er viktig for å kunne ha ei brukarvennleg og ubyråkratisk ordning, noko som effektivt legg rette for at mest mogleg av midla går til å støtte tiltak, og ikkje administrative kostnadar. Kor mykje Enova deler ut gjennom tilskottet i løpet av eit år avheng sjølvsagt av kor mange som gjer tiltak og søker om stønad. Det er ein føresetnad.
Stønad frå Enova kjem dessutan innbyggjarar til gode også på andre måtar enn gjennom Enovatilskuddet. Til dømes må utsleppa reduserast i omstillinga til lågutsleppsamfunnet, særleg innanfor transportsektoren. Det er behov for, og Enova støttar, mellom anna hurtigladarar, batteribussar, lastebilar utan utslepp og landstraum til skip.
Enova skal gjennom rapportering gjere greie for arbeidet med å oppfylle formål, delmål og andre føringar i avtalen. Rapportering skjer i hovudsak gjennom årsrapport, halvårsrapportering, prosjektoversikt på enova.no, og gjennom rapportering på oppfylling av målindikatorar.