Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:2097 (2020-2021)
Innlevert: 02.05.2021
Sendt: 03.05.2021
Besvart: 10.05.2021 av næringsminister Iselin Nybø

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Kva er status for forhandlingane mellom Noreg og Kina om ein frihandelsavtale, kva område er avklart og kva gjenstår, og meiner statsråden det vil vere i tråd med norske interesser å inngå ein handelsavtale med Kina i dagens situasjon?

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Det har vore god framdrift i forhandlingane om ein frihandelsavtale mellom Noreg og Kina det siste året. Frå norsk side er vi innstilt på å bruke den tida som trengs for å kome fram til eit godt forhandlingsresultat. Forhandlingene pågår og slik som vanleg er i internasjonale forhandlinger, er ingenting avtalt før alt er avtalt. Det vil difor ikkje vere riktig av meg å kommentere forhandlingane på enkeltområder.
Noreg har som ein liten, åpen økonomi, ei grunnleggande interesse av eit regelbasert handelssystem som sikrar gjensidighet og forutsigbarhet i handelen. Dette er også utgangspunktet for forhandlingane med Kina, som er ein viktig marknad for norsk næringsliv og ein viktig leverandør av forbruksvarer og innsatsvarer til industrien vår. Kina sin storleik og vekst gjev eit vesentlig bidrag til verdsøkonomien. Handelen med Kina reiser utfordringar av økonomisk, sikkerhetsmessig og politisk art. Dette må vi forholde oss til uavhengig av ein frihandelsavtale, og avtalen ber ikkje med seg bindingar for norsk sikkerhetspolitikk eller utenrikspolitikk. Målet med ein frihandelsavtale er å oppnå betre vilkår for handelen mellom landa enn det som følgjer av partane sine bindingar i Verdas handelsorganisasjon (WTO). Gjennom frihandelsavtalar skaper ein større forutsigbarhet for norsk næringsliv enn det som følgjer av WTO-avtalen. Norsk næringsliv kan også få konkurransefordelar samanlikna med bedrifter frå land som ikkje har en frihandelsavtale. Noreg har ein åpen økonomi og kinesiske bedrifter har god tilgang til den norske marknaden. Ein frihandelsavtale med Kina vil betre norsk næringsliv sin tilgang til den kinesiske marknaden.
Regjeringa vil ta stilling til avtalen når alle områder er ferdigforhandla. Etter at ei eventuell avtale er underteikna vil den bli lagt fram for Stortinget for samtykke til ratifikasjon.