Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:2125 (2020-2021)
Innlevert: 05.05.2021
Sendt: 05.05.2021
Besvart: 18.05.2021 av finansminister Jan Tore Sanner

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Kor stort er omfanget av indirekte eige av sekundærbustadar, det vil seie vie selskapsformer som gjer at eigar ikkje skattar av sekundærbustad verken som næringseigedom eller sekundærbustad, men til aksjeverdien?

Begrunnelse

I statsråden si vurdering til dok. 8:195 S (2020 – 2021) kjem det fram at i formuesskatteføremål er det meir gunstig å eige aksjar (verdsetjing 55 pst.) enn direkte å eige sekundærbustadar som blir verdsette til 90 pst.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Sekundærbustadar er bustadar ein skattytar eig, men ikkje sjølv bur i. Sekundærbustadar kan eigast personleg (både utanfor næringsverksemd og innanfor næringsverksemd i eit enkeltpersonføretak) eller gjennom eit selskap.
Skatteetaten har anslått at av om lag 300 000–350 000 sekundærbustadar, er om lag 10 pst. eigd gjennom aksjeselskap.