Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden gjere greie for kvar veksten i statlege stillingar har vore under denne regeringa samanlikna med førre regjering, og gi ei vurdering av kva sektor og stillingstypar som har blitt prioritert?
Begrunnelse
Det har ved fleire høve, både frå talarstolen her i Stortinget og i media, blitt hevda at Solberg-regjeringa har stått for sterk vekst i tal statlege stillingar, og at dette har auka byråkratiseringa i Noreg. Når slike påstandar er generelle og udokumenterte bidreg dei ikkje til å gi innsikt i kva som faktisk har føregått.