Skriftlig spørsmål fra Åsmund Aukrust (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2156 (2020-2021)
Innlevert: 07.05.2021
Sendt: 10.05.2021
Besvart: 19.05.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Åsmund Aukrust (A)

Spørsmål

Åsmund Aukrust (A): Etter 4 år med retur og pant av fritidsbåter kan det være behov for å se på endringer for å gjøre ordninga bedre.
Har statsråden vurdert å gjøre endringer, som for eksempel å øke grensen på størrelsen på fritidsbåter til for eksempel 6 000 kg, og er det vurdert å øke beløpet på vrakpanten så den blir mer attraktiv og effektiv?

Begrunnelse

Bedriften Norsk Lystbåtdestruksjon A/S har sertifisert til Miljøfyrtårn. De gjør en viktig jobb for natur og miljø ved å hente og destruere båtvrak som både har vært lagret på land, hensatt i naturen eller som har gått ned. De har oppstått etter at Miljødirektoratet innførte fra oktober 2017 en ordning med retur og pant av fritidsbåter. De har gjort seg gode erfaringer, men også sett på ting kan forbedres for å få ordninga bedre, så mindre forsøpling ender i havet. I dag gjelder bare for båter under 50 fot og 3000 kg. Store båter er de som forurenser mest gjennom de har mest kjemikaler og fremmedstoffer. I tillegg er vrakpanten bare på 1000 kroner og en økning vil kunne ordninga mer effektiv og dermed mer treffsikker.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Som representant Aukrust skriv, så vart tilskotsordninga for kasserte fritidsbåtar innført for snart fire år sidan, i oktober 2017. Tilskotsordninga skal medverke til å auke innlevering av fritidsbåtar som skal vrakast, slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte og ikkje vert etterlaten i naturen, ulovleg senka eller brent.
Tilskotsordninga for kasserte fritidsbåtar gjeld per i dag for båtar inntil 15 meter (49,21 fot). Målet med tilskotsordninga er å stimulere båteigarar til å levere kasserte båtar til godkjend returplass slik at fritidsbåten kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Det vert utbetalt eit tilskot på 1 000 kroner per båt til båteigaren etter at søknad er behandla av Miljødirektoratet. I 2020 vart det utbetalt tilskot til 13 090 båteigarar, samla om lag 13,1 mill. kroner.
Det kommunale eller private mottaksanlegget kan søke Miljødirektoratet om tilskot. Beløpet dei får er eit tilskot per kg båt som vert handtert, og skal dekkje kostnadene med miljøsanering av båten, handtering, gjenvinning av det som er aktuelt å gjenvinne og å levere avfallet frå båten til eit anlegg for avfallsbehandling. I 2020 vart det betalt ut om lag 43,5 mill. kroner til behandling av kasserte fritidsbåtar.
Per i dag har eg ikkje vurdert å auke beløpet på tilskotet til båteigaren, då ein har sett at eit stort tal på båtar har vorte levert inn, og ordninga har fungert godt opp mot målet om å samla inn båtane. Så langt har 36 632 fritidsbåtar vorte levert inn gjennom tilskotsordninga for kasserte fritidsbåtar.
Det var ved utgangen av 2020 etablert 250 handteringsanlegg for små kasserte fritidsbåtar, medan det var 74 handteringsanlegg for større kasserte fritidsbåtar over 15 fot og opp til 3 tonn. Levering av fritidsbåtar opp til 1,1 tonn skal vere gratis for eigaren av fritidsbåten.
Klima- og miljødepartementet bad Miljødirektoratet gjere ei vurdering av ordninga i 2018 og vi fekk deira evaluering i juni 2019. Evalueringa konkluderte med at ordninga i det store og heile fungerte i tråd med intensjonane, men peika på nokre høve til forbetringar. Dei fleste av desse var administrative, og har vorte gjennomførte.
Evalueringa peika òg på at tilskotsordninga burde utvidast til å omfatte aluminiumsbåtar og andre båtar med kjøl og ballast av metall. Denne endringa vart innført frå 2020.
Ei utfordring som Miljødirektoratet peika på er at manglande registrering av fritidsbåtar gjer det vanskeleg å føre kontroll med om det er eigar av båten som leverer til kassering eller om den som leverer den inn faktisk gjer det på vegne av båteigaren. Det har vore døme på misbruk av ordninga. Om ein aukar tilskotet til båteigaren kan det tenkast at misbruk av ordninga kan auke.
Dette er ikkje ei panteordning, men ein rein tilskottsordning. Utfordringane knytt til forsøpling er i det store og heile knytt til det store talet på småbåtar, og ikkje til større båtar. Eg vurderer difor at ordninga fungerer godt og i tråd med intensjonane, og ser det ikkje som formålstenleg å gjere endringar no.