Jenny Klinge (Sp): Frem til sommaren er det, jamfør domstol.no per 9. mai, beramma 53 rettsmøter i Sogn og Fjordane tingrett. Så å seie alle ved rettsstadene Sogndal og Førde. I Nordfjordeid er det beramma rettsmøte/hovudforhandling ein dag i mai og to dagar i juni.
Kvifor er det knapt rettsmøte i Nordfjordeid frem til sommaren når eitt av poenga med den sentraliserande domstolreforma var at denne angiveleg skulle legge til rette for auka aktivitet ved dei rettsstadene som har ledig kapasitet?
Begrunnelse
Sogn og Fjordane tingrett vart framheva av regjeringa då forslag til domstolreform vart lansert i mars 2020. På Rett24 skreiv justisministeren om domstolreforma den 26. januar:
«Slik vil endringene legge til rette for økt aktivitet ved mindre rettssteder som i dag har ledig kapasitet».
Ein kan då undrast på kvifor så liten aktivitet ved rettsstaden i Nordfjordeid førebels er resultatet av reforma.