Marit Knutsdatter Strand (Sp): I Nasjonal Transportplan Meld. St. 20 (2020-2021) omtalast rv 15 Otta-Måløy som ein av fleire «særlig ulykkesutsatte» strekningar, med fleire drepne og hardt skadde. I tillegg er strekningen viktig aust-vest-korridor for persontransport og næringstransport av blant anna fisk og møbler, dette utgjer ei årleg verdiskaping på over 70 mrd. kroner. Strekninga har vorte prosjektert med ny løysing for tunnel mellom Skjåk og Stryn.
Kvifor er strekninga ikkje med i NTP fram til 2033, og korleis nå visjonen om 0 drepne og skadde utan ho?
Begrunnelse
Nye vegløysingar både i aust og i vest set større fokus på rv. 15 Otta – Stryn. Vegen er ei viktig transportåre for innbyggarane, for gjennomgangstrafikk og for næringslivet. I tillegg er dette skulevegen til ungar i Skjåk! Rv. 15 er oppbrukt. Den er ikkje dimensjonert for den trafikkmengda og dei køyretøya som er i dag. Mesteparten av vegen er planlagt og bygd for over 40 år sidan. Kurvatur, bereevne og breidde er ikkje oppdatert på mykje av strekninga. Dette går utover framkommelegheit, trafikksikkerheita og beredskapen- og samfunnssikkerheita.
Til liks med vegen, er dei gamle tunnelane i Breidalen mellom Skjåk og Stryn utrangerte, og for lengst inne i siste del av si levetid. For miljøet vil det bli ei vesentleg betring med ny tunnel. Med dagens standard og 12 % stigning er utsleppet på trailer 70,75 kg CO2 på 16,6 km, med ny tunnel og stigning på 4,6 % vil tilsvarande utslep bli redusert til 24,3 kg CO2. Det reduserar drivstoff-forbruket. Ny tunnel vil og avløyse press på villreinstamma som er på båe sidar av rv. 15 i dag.
Tunnelane utgjer ein trafikksikkerheitsrisiko og tilfredsstiller ikkje krava til regularitet. Ny tunnel vil eliminere 13 raspunkt Skåre – Breidalen og 17 raspunkt Breidalen-Geiranger. Vinteren 2019/2020 var tunnelane stengte 1000 timar, inntil 4 døgn i strekk. Næringsliv og ekspressbussane pådreg seg kostnader og heft. Berre for Lesja Bilruter som køyrer frå Skjåk til Byrkjelo utgjer ei omkjøring 360 km på ein tur. Bedrifter i 15 kommunar har tunnelane i Breidalen som sin hovudtrasé.
Tre fylkeskommunar, fire regionråd, NHO og LO stiller seg alle bak dagens konsept om KVU med lang tunell med ein sidearm over til Geiranger og krev rask gjennomføring. Planarbeidet for dette må setjast i gang for å konkretisere tiltaka.
Det er ikkje alternativ veg, jernbane eller flyplass til rv. 15 i Ottadalen. Etterslepet på vedlikeholdet av vegnettet er stort. Statens vegvesen har berekna at det er eit behov på minst 1,5 mrd. for å få lyfta Rv.15 opp på eit akseptabelt nivå. Nye tunnelar over Strynefjellet kjem i tillegg, stipulert til 4,6 mrd.