Jenny Klinge (Sp): NRK hadde ei nettsak den 12/5 om arrestordreavtalen som Norge no er ein del av.
Meiner statsråden at rettssikkerheita til norske borgarar er tilstrekkeleg ivaretatt i denne avtalen og viss ikkje, kan ho skissere kva som eventuelt kan gjerast for å betre denne?
Begrunnelse
Den nemnte saka er her: https://www.nrk.no/norge/sendes-til-spania-ni-ar-etter-basketak-pa-gran-canaria-1.15493551
Det er opplagt ein fordel for Norge å ha ein avtale med andre land om utlevering av folk derifrå som har begått kriminelle handlingar i Norge. Samtidig er det ein del problemstillingar som ein bør vurdere, med mål om å sikre rettssikkerheita til norske borgarar best mogleg. NRK viser til eit tilfelle der ein mistenkt reint faktisk ikkje kan ha vore i det landet han blir skulda for å ha gjort noko kriminelt i på det tidspunktet lovbrotet skjedde. Det kan også vera tilfelle der vi her til lands har låg straff for handlingar som vi ikkje anser som alvorlege, medan nordmenn kan bli utleverte til andre land for å ha begått slike handlingar som i desse andre landa har langt høgare straff enn her. Nordmenn må sjølvsagt forhalde seg til lovverket i det landet dei oppheld seg i, men det er likevel fornuftig å drøfte slik problematikk og ta stilling til dette i samband med at ein inngår avtalar. Problematikk som kjem opp etter at arrestordreavtalen vart vedteken bør også drøftast med utgangspunkt i konkrete tilfelle som oppstår.
Utdrag frå NRK-saka:
«Statsadvokat Monica Krag Pettersen sier det nye regelverket også har gjort det mye enklere for norske myndigheter å få personer overlevert hit.
– Fordelen er at vi nå får lettere og raskere overlevert personer som vi enten mistenker for å ha begått straffbare handlinger i Norge eller som har usonede dommer i Norge.
– Ulempen kan være at i enkelte saker, på grunn av for eksempel ulikt straffenivå, kan fremstå som kanskje urimelig i den enkelte sak at vi plikter å overlevere en person fra oss til soning av dom i et annet land, sier statsadvokaten.
En gjennomgang NRK har gjort av domstolsavgjørelser viser at minst fem norske statsborgere har blitt utlevert til andre europeiske land etter at Norge ble med på avtalen for halvannet år siden. Flere saker står i kø.»