Jenny Klinge (Sp): Kan statsråden framvise resultatet av dei undersøkingane som Direktoratet for byggkvalitet har gjort i samband med korleis andre land har tolka krava til testing av overflatebehandla trekledning?
Begrunnelse
I svaret sitt til meg på spørsmålet mitt (Dokument nr. 15:2004 (2020-2021)) om brannsikkerheit og testing av trekledning svarte statsråden blant anna følgande:
«Undersøkelser som blant annet Direktoratet for byggkvalitet har gjort, viser at også andre land tolker kravene til testing av overflatebehandlet trekledning likt som Norge.»
Dei norske produsentane av royalbehandla kledning er av ei anna oppfatning. Dei viser mellom anna til produsentar i Sverige og Frankrike, som i ytelseserklæringane sine for royalbehandla trekledning opererer med såkalla preaksepterte ytelsar. Dette er det same som dei norske produsentane har gjort fram til no.
Produsentane erkjenner samtidig at det er vanskeleg å finne ytelseserklæringar frå alle utanlandske konkurrentar, fordi desse erklæringane ikkje ligg offentleg tilgjengeleg på heimesider og liknande. Dersom Direktoratet for byggkvalitet har tilgang på fleire ytelseserklæringar som kan understøtte departementets standpunkt og argument i saka, vil det vera teneleg for den vidare politiske prosessen om statsråden eller direktoratet offentleggjer desse ytelseserklæringane. Viss produsentar i somme andre land faktisk får godkjent såkalla preaksepterte ytelsar, vil dette vera relevant for utviklinga av saka her til lands.
Dette er ei alvorleg sak for dei som er involverte. Eg håpar og trur at statsråden ser behovet for at mest mogleg informasjon i saka blir gjort tilgjengeleg for alle partar.