Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2284 (2020-2021)
Innlevert: 26.05.2021
Sendt: 26.05.2021
Besvart: 31.05.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Forsvarsbygg planlegger å selge eiendommen Luftforsvarets stasjon Mågerø.
Vil statsråden sørge for at eiendommen som ligger ved sjøen kommer på offentlig eie, og at det settes i gang en prosess for å vurdere om området skal bli en del av Færder nasjonalpark?

Begrunnelse

Miljødirektoratet har kontaktet Færder kommune med anmodning om vurdering av statlig sikring av deler av eiendommen til friluftsformål. Miljødirektoratet opplyser i e-post til Færder kommune 03.05.2021 at man vurderer deler av denne eiendommen som svært aktuell for statlig sikring til friluftslivsformål dersom kommunen ønsker det. Strandsoneareal, spesielt i pressede områder, er svært høyt prioritert innenfor denne ordningen. Området har store naturverdier og bør derfor vurderes innlemmet i nasjonalparken.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Forsvarsbygg varsla i april 2021 at dei vil avhende luftforsvaret sin stasjon på Mågerø på Tjøme i Færder kommune. Forsvarsbygg vil leggje eigedomen ut for sal i den opne marknaden dersom ingen statleg, fylkeskommunal eller kommunal etat melder interesse for forvaltningsoverføring/erverv.
Eigedomen ligg på ei halvøy i Oslofjorden, og har godt tilgjenge. Store delar av eigedomen ligg nærare sjøen enn 100 meter. Luftforsvaret har mange bygningar og tekniske installasjonar på eigedomen, og eigedomen utgjer totalt 520 dekar. Taksten på eigedomen med bygningar og infrastruktur er 78,5 mill. kroner.
Forsvarsbygg opplyser at området med bygningar og tekniske installasjonar utgjer ca. 220 dekar og friluftslivsområdet ca. 300 dekar. Denne arealfordelinga kan bli litt justert i prosessen vidare. Taksten for området tek utgangspunkt i næringsformål for området med installasjonar og friluftsformål for den ubygde delen. Området med friluftsformål har ein heilt annan pris enn området med bygningar, og er taksert til ca. 0,3 mill. kroner.
Forsvarsbygg er innstilt på å selje friluftsområdet av eigedomen separat, og skilje ut dette området frå resten av eigedomen. Dette inneber at friluftslivsarealet vil kunne bli kjøpt for ca. 0,3 mill. kroner, der ulike avgifter og andre utgifter relatert til kjøpet kjem i tillegg.
Saka blir no handtert av Miljødirektoratet. Direktoratet er innstilt på å finne ei løysing i samarbeid med Forsvarsbygg og Færder kommune, der friareala av eigedomen blir friluftslivsområde for allmenta, og området får status som statleg sikra friluftslivsområde.
Statleg sikring av området vil vere eit svært positivt tiltak for friluftslivet. Samtidig vil sikring av området innebere ei konkret oppfølging av Helhetlig tiltaksplan for Oslofjorden.
Om eit statleg sikra friluftslivsområde på Mågerø skal inngå i Færder nasjonalpark har førebels ikkje blitt vurdert. Vår målsetjing no er å sørgje for at dette store og attraktive området blir varig sikra som friluftslivsområde.
Sikringsprosessar tek noko tid å sluttføre, men eg legg til grunn at saka vil bli avklara i løpet av året.