Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2289 (2020-2021)
Innlevert: 26.05.2021
Sendt: 27.05.2021
Besvart: 04.06.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden slå fast at det ikkje skal krevast inn bompenger på sidevegane i prosjektet E39 mellom Os og Bergen?

Begrunnelse

Då Stortinget handsama utbygging av E39 mellom Os og Bergen skreiv komiteen dette:

"Komiteen ser at det ligg lokale vedtak knytt til ønske om fritak for innbyggjarar som synest å kunne få ei urettmessig høg belastning ved dei planlagde bomplasseringane. Komiteenviser til at nytteprinsippet skal liggje til grunn for innkreving av bompengar, og at det berre unntaksvis skal setjast opp bom på sidevegnettet. Komiteenviser til at det i denne saka for nokre lokalmiljø må sikrast løysingar som gjer at det er samanheng mellom betaling og nytte for vegen. Komiteenmeiner at det bør arbeidast vidare med å finne ei løysing på problemstillinga i denne saka fram til bompengeinnkrevjinga skal ta til. Det vil også vere naturleg å sjå dette i samanheng med den varsla omorganiseringa av bompengestrukturen. Komiteenvil vidare understreke betydninga av at ein vel løysingar for bompengeinnkrevjing som i størst mogleg grad bidrar til å halde på ordninga si legitimitet."

Eg ynskjer at man avklarer at det ikkje blir bompengar for Kalandseid- og Nordvik krinsane då dei skal bruke tilbod i sitt nærområde slik komiteen opnar for.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: I Prop 134 S (2013-2014) Utbygging og finansiering av E39 Svegatjørn – Rådal i Hordaland er det lagt opp til at prosjektet skal finansierast med bom på sideveg.
Det er gjennomført ei evaluering av riksvegprosjekt med bom på sideveg og prosjektet E39 Svegatjørn – Rådal inngjekk i denne evalueringa. Evalueringa av dette prosjektet viste mellom anna at å fjerne bom på sidevegane ville medføre redusert trafikksikkerheit, samt at trafikkgrunnlaget ville være om lag 30 % mindre samanlikna med føresetnadene i Prop. 134 S (2013-2014). Det vil gi lågare bompengeinntekter i prosjektet og føre til auka risiko for at prosjektet ikkje vil kunne betalast ned innafor dei rammene som er føreset i i Prop. 134 S (2013-2014). Dersom ein skal fjerna bompengar på sidevegane, så føresett dette at Vestland fylkeskommune som har stilt garanti for bompengelånet aksepterer dette. I denne saka har ikkje fylkeskommunen akseptert at bompengane på sidevegane kan bli fjerna, jf. Vestland fylkeskommunes vedtak i forbindelse med evalueringa.
Prosjektet E39 Svegatjørn – Rådal er omfatta av tilskotsordning for reduserte bompengetakstar utanfor byområder, kap. 1320, post 73. Det betyr at prosjektet får eit årleg tilskot slik at bompengetaksten ved opning er redusert med om lag 10 prosent, føreset Stortingets årlege budsjettvedtak.
Representanten viser i si grunngiving til Stortingets merknader ved behandling av saken i Innst 37 S (2014-2015). Prop. 1 S Tillegg nr. 2 (2015–2016) kapittel 3.7 beskriv endringar av takst- og rabattstruktur for bompengeprosjekt. Hensikten med endringa av takst- og rabattstrukturen i bompengesektoren er å redusere driftskostnadene samt å betre brukarvennlegheita som heilskap. Det nye systemet legg opp til ein standardisering av rabattar og fjerning av lokale særordningar. I prosjekter som er lagt fram for Stortinget etter 06.11.15, er rabattane fastsett i tråd med det nye systemet. For prosjekter som er behandla i Stortinget før dette tidspunktet, krev omlegginga til det nye rabattsystemet tilslutning frå lokalpolitiske myndigheiter. Statens vegvesen har fått i oppdrag frå Samferdselsdepartementet å sørgje for omlegging av rabattsystemet i igangsette prosjekter. For prosjektet E39 Svegatjørn – Rådal blei forslag til slik omlegging oversendt 22. april i år frå Statens vegvesen til Bergen og Bjørnafjorden som dei kommunane det gjeld og Vestland fylkeskommune. Eg har fått informasjon frå Statens vegvesen om at det er venta ei lokalpolitisk behandling av saka hausten 2021.