Skriftlig spørsmål fra Gisle Meininger Saudland (FrP) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2375 (2020-2021)
Innlevert: 04.06.2021
Sendt: 04.06.2021
Besvart: 11.06.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Gisle Meininger Saudland (FrP)

Spørsmål

Gisle Meininger Saudland (FrP): Miljødirektoratet gjennomgår nå produsentansvarsordningene, herunder produsentansvarsordningen for emballasje.
Når forventer statsråden at Miljødirektoratets anbefalinger til Klima- og miljødepartementet foreligger, og hvordan vil statsråden holde Stortinget orientert?

Begrunnelse

Norge har satt seg ambisiøse mål for gjenvinning og håndtering av brukt emballasje. Særlig viktig er det å redusere plast på avveie. Produsentansvarsordningene kan være et viktig ledd i dette arbeidet. Dessverre ser man flere utfordringer med dagens ordning, som kan gjøre det vanskelig å nå Norges mål.
Vi er derfor glade for at Miljødirektoratet nå gjennomgår produsentansvarsordningene, for å identifisere mangler i dagens ordning som hindrer oss i å nå målene. Produsentansvarsordningen for brukt emballasje er grunnleggende infrastruktur, og det er avgjørende at ordningen blir effektiv og robust.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Produsentansvar for emballasje er eit viktig verkemiddel, slik det òg er for andre produktgrupper. Som eit avfallspolitisk verkemiddel for separat innsamling og behandling av kasserte produkt har ordningane i all hovudsak fungert godt dei siste tiåra. Med utviklinga av ein meir sirkulær økonomi i EU og eit meir integrert produkt- og avfallsregelverk blir det avgjerande at produsentansvaret framover er tilpassa til dette.
Eg ønsker at produsentansvarsordningane skal vere best mogleg innretta for å bidra til ein meir sirkulær økonomi. Oppdraget til Miljødirektoratet er eit større arbeid i tre delar. Miljødirektoratet har levert fyrste delrapport, og den ligg til handsaming i departementet no. Her gjennomgår direktoratet dagens etablerte produsentansvar opp mot eksisterande målsettingar, og gjer ein vurdering av behov for endringar og vidareutvikling av ordningane.
I andre del av oppdraget skal direktoratet komme med forslag til generelle endringar av utvida produsentansvar og vurdere nærare korleis produsentansvaret kan brukast til å auke effektiviteten i ordningane, gjere produsentansvaret meir robust og støtte opp under ein sirkulær økonomi og vår kommande nasjonale strategi for sirkulær økonomi. I eit tredje deloppdrag skal direktoratet utarbeide og konsekvensutgreie konkrete forslag til forskriftsendringar.
Tidsfrist for andre og tredje deloppdrag er ikkje fastsett enno, og det er difor for tidleg å seie når dei endelege forslaga frå direktoratet føreligg.
Stortinget vil bli informert om viktige endringar i produsentansvaret på egna måte, til dømes gjennom dei årlege budsjettproposisjonane.