Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2467 (2020-2021) Innlevert: 14.06.2021 Sendt: 15.06.2021 Besvart: 23.06.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn
Roy Steffensen (FrP): Nordic Unmanned i Sandnes bruker droner langs kysten i flere europeiske land til å måle faktiske utslipp av svovel fra skipstrafikken mens skipene seiler.Hvordan måles svovelutslipp fra skipstrafikken i Norge, hvor mange målinger har det blitt foretatt det siste året, og hvor mange av disse har eventuelt blitt gjort med drone?
Sveinung Rotevatn: Grøn skipsfart er eit prioritert innsatsområde for regjeringa. Eit viktig verkemiddel for å få til utsleppsreduksjonar frå skipsfarten er reguleringar, som kravet som stillast til svovelinnhald i drivstoff til skipsfarten. Det er Sjøfartsdirektoratet som har handhevingsmyndigheit for blant anna svovelkrava, og direktoratet gjer kontrollar og inspeksjonar. Sjøfartsdirektoratet opplyser om at kontroll av svovelinnhald i drivstoff til skip målast ved hjelp av indikative målingar, og endeleg avgjerd om svovelinnhald gjerast ved analysar i eit akkreditert laboratorium. Ved inspeksjon av skip i kai brukast berbare instrument for indikative målingar av svovelinnhaldet. Om desse målingane syner eit svovelinnhald som er over tillate grenser, takast prøvar av drivstoffet som sendast til eit akkreditert og godkjend laboratorium for endeleg avgjerd av svovleinnhaldet i drivstoffet. Bruk av dronar som kan måle svovelinnhald i drivstoff er ei indikativ metode som kan nyttast på skip som segler i norske farvatn. Som for indikative målingar ved bruk av berbare instrument, så blir resultatet endeleg avklart av eit akkreditert og godkjend laboratorium. Sjøfartsdirektoratet angir vidare at det i 2019 blei gjennomført 408 inspeksjonar og det blei tatt indikative prøver frå 236 skip. Av desse prøvane blei 22 sendt til laboratorium for analyse. I 2020 blei det gjennomført 121 inspeksjonar og det ble tatt indikative prøver frå 50 skip. Av desse prøvane blei 4 sendt til laboratorium for analyse. Måltalet for 2020 var 450 inspeksjonar og 300 indikative prøvar, men grunna pandemien var det krevjande å gjennomføre. Sjøfartsdirektoratet, i samarbeid med Kystverket, Kystvakta og Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet har sett i gang eit droneprosjekt med sikte på å auke bruken av dronar i inspeksjonssamanheng. Det er utført testar på dronane og testflygingar, men det er førebels ikkje føretatt regulære inspeksjonar med dronar.