Jenny Klinge (Sp): Vil justisministeren saman med helseministeren gå gjennom dagens lovverk og sjå om dette framleis kan styrkast for betre å kunne verne samfunnet mot plagsame og antatt farlege personar?
Begrunnelse
NRK har nyleg fortalt historia til aleinemora «Thea», som bur i Bjørnafjorden kommune i lag med den åtte år gamle dotter si:
https://www.nrk.no/vestland/xl/kvinna-i-bjornafjorden-har-i-to-ar-blitt-forfolgt-av-framand-mann.-no-ma-ho-flytta-fra-bygda-1.15482676
Politiet svarer at dei ikkje har tilstrekkelege heimlar til å gripe inn overfor gjerningspersonen. Dette påverkar kva tvangsmiddel politiet kan bruke.
NRK viser i saka til at trådte regelendringane for utilreknelegheit i kraft 1. oktober i fjor. Stortinget ville senke terskelen for å døme nokon til tvungent psykisk helsevern. Målet er å verne samfunnet også mot dei som er farlege, men som (enno) ikkje har gjort alvorlege nok hendingar til å sitte inne. Når politiet seier det enno ikkje finst tilstrekkelege heimlar for å gripe fatt i slike situasjonar som NRK omtalar i saka si, framstår det ikkje som om lovverket enno er godt nok.