Jenny Klinge (Sp): Kva vil statsråden gjera for å sikre at fleire når gjennom på politiets 02800-nummer og for å korte ned ventetida for dei som forsøker å kontakte politiet?
Begrunnelse
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring peikar i sin Statusrapport for politiet for 2020 på fleire urovekkande problem. I tillegg til å peike på at politireforma har feila når det gjeld målet om å styrke nærvær og synlegheit, så viser dei mellom anna at urovekkande mange har problem med å nå frem gjennom politiet sitt 02800-nummer og andre lokale telefonnummer. Politiet melder sjølv at 70 % av telefonsamtalane blir besvarte. Men dette betyr at 30 % av forsøka på å nå politiet gjennom desse numra ikkje gir resultat, til irritasjon og fortviling for dei som treng å koma id kontakt med etaten. Dette fører til at folk får eit dårlegare tilbod og det kan også føre til større utryggheit. Politiet på si side kan gå glipp av viktig informasjon og innspel.