Skriftlig spørsmål fra Terje Halleland (FrP) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2763 (2020-2021)
Innlevert: 08.08.2021
Sendt: 09.08.2021
Besvart: 20.08.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Terje Halleland (FrP)

Spørsmål

Terje Halleland (FrP): Vil statsråden se på den nasjonale beredskapskapasiteten innenfor avfallsbransjen?

Begrunnelse

På bakgrunn av koronasituasjonen, flere branner og innstramminger av eksportregelverk har avfallsbransjen meldt fra at det er små marginer på at slike endringer takles like bra på de forskjellige anleggene. Brann hos Returkraft i Agder, manglende tillatelser for oljeholdige masser hos Lindum og økningen av mottak av flyveaske hos Noah under koronaen, nevnes som eksempler hvor kapasiteten er krevende.
Bransjen advarer at dagens system kan gi utfordringer på kapasitet og at vi blant annet er helt avhengig at naboland tar imot avfallet vårt, og etterlyser et bedre planverk som går utover det enkeltaktørene har ansvar for og kapasitet til å handtere alene.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Kapasiteten for avfallshandteringa i Noreg er i det store og heile god. Innsamling og behandling av avfall fungerer godt under normale høve, og har òg gjort det gjennom pandemien, etter ein tilpassing i starten. Vi har i fleire tiår hatt ein velfungerande marknad for avfall i Norden. Kommande uforutsette hendingar eller marknadsendringar kan likevel sette systemet på prøve, og vil forsterke viktigheita av nordisk samarbeid.
Noreg er avhengig av eksport av ein vesentleg mengd restavfall frå hushalda og næringsavfall for forbrenning, og visse typar farleg avfall. Uorganisk farleg avfall behandlast i dag på Langøya utanfor Holmestrand, og NOAH som driv anlegget har søkt Miljødirektoratet om endra utsleppsløyve for å kunne forlengje deponikapasiteten potensielt fram til 2030. Det har i mange år veksla om Noreg er nettoeksportør eller nettoimportør av farleg avfall. Fleire avfallstyper til materialattvinning blir òg eksportert i dag, særleg plastavfall. Behova for framtidig infrastruktur for innsamling og behandling av avfall er beskrive i Miljødirektoratets Avfallsplan 2020-2025, med vedlegg om farleg avfall.
Baselkonvensjonen og EU/EØS forordning om grensekryssande forsendelser av avfall (grensekryssforordninga), som er gjennomført i avfallsforskrifta, sett rammene for import og eksport i den europeiske avfallsmarknaden. Denne er no under revidering i EU. For å sikre helse og miljø er krava til handel med plastavfall nyleg skjerpa. Behandlingskapasitet for plastavfall og avsetning av materialattvunnen plast er ei utfordring for heile Europa, uavhengig av Covid-19.
I Meld. St. 27 (2020–2021) Nordisk samarbeid er det slått fast at målet er å styrke dei nordiske landa si evne til å forebygge og redusere konsekvensar av større ulykker, natur- og menneskeskapte katastrofar og andre samfunnskriser innanfor beredskapsområdet. Samarbeidet bidrar til forsterka felles responsevne og auka operativ effektivitet. På kort sikt har ikkje Noreg kapasitet til å forbrenne alt norsk avfall i ein ekstraordinær situasjon, men fram mot 2030 og 2035 vil dagens forbenningskapasitet truleg vere stor nok fordi materialattvinninga skal styrkast vesentleg, i tråd med nye EU-mål og omstilling til sirkulær økonomi.
Det er kostnadskrevjande å handtere avfall, og ikkje nødvendigvis hensiktsmessig at kvart land skal ha kapasitet til å handtere alle typar avfall. I stortingsmeldinga om nordisk samarbeid har regjeringa varsla at Noreg vil ta initiativ til samtalar om korleis dei nordiske landa ser på denne praksisen i et framtidsperspektiv, og korleis ein kan få til effektiv handtering av avfall, også av farleg avfall, i Norden i framtida.