Helge André Njåstad (FrP): Vil samferdselsministeren bidra med eit nytt statleg anbod som sikrar flyruta Stord-Oslo ut året?
Begrunnelse
Danish Air Transport (DAT) har dei siste 10 åra operert flyruta Stord-Oslo for eiga økonomisk risiko. Flyruta er såleis ei av få ruter på kortbanenettet i Noreg som vert flydd på kommersiell basis. Både flyselskapet og lufthamnselskapet har som sitt mål at flyruta igjen skal kunna operarast utan økonomisk støtte. Flyruta Stord-Oslo er viktig for beredskapen i Sunnhordland samt for konkurranseevna til den lokale industrien med Akers Solutions i spissen. Aker Solutions nyttar i dag også Stord lufthamn til å transportera polske gjestearbeidarar heim til Polen. Widerøe er flyoperatør på desse charterflygingane. Da Covid-19 kom signaliserte flyselsapet DAT at dei ikkje lenger kunne operera Osloruta utan økonomisk støtte. Stortinget har slått fast at flyruta Stord-Oslo skulle inkluderast i statens flyrutekjøp. Lufthamnselskapet fekk i mai via pressemelding frå Departementet vita at staten ikkje ville videreføra flyrutekjøpet for perioden juli-august-september. På nytt var Stortinget klar på at ruta skulle inn. Kabinfaktoren på Osloruta ligg i dag på ca. 30%. Dagens statlege flyrutekjøp vert avslutta 30. september. For å kunna sikra flyruta Stord-Oslo for framtida er lufthamnselskapet heilt avhengig av at staten bidreg med vidare flyrutekjøp.