Skriftlig spørsmål fra Terje Aasland (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2934 (2020-2021)
Innlevert: 03.09.2021
Sendt: 03.09.2021
Besvart: 09.09.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Terje Aasland (A)

Spørsmål

Terje Aasland (A): Ser Statsråden at det nå er behov for raskest mulig å bygge ferdig dobbeltspor mellom Stokke og Sandefjord og at dette skjer uten opphold og at det deretter blir full utbygging av Ytre Inter City fram til Skien og når forventer Statsråden at ERTMS blir bygd sør for Tønsberg?

Begrunnelse

Banenor kunne torsdag 2. september melde at Vestfoldbanen sør for Tønsberg ikke ville være fult operativ for om et år, grunnet brann i signalsystemet på Sandefjord stasjon i juli.
Statsråd, jeg konstaterer at det i 2021 skulle bare en kråke til for å stoppe all togtrafikk sør for Tønsberg. En Kråke og 210 000 mennesker uten tog.

I Nasjonal transportplan 2022 – 2033 fremkommer det at strekningen Stokke – Sandefjord først skal bygges i andre 6 års periode. Det betyr først etter 2028. Regjeringen har likeledes oppgitt ambisjonen om en full modernisert Inter City jernbane sør for Tønsberg. Vi skal ifølge denne regjeringen fortatt kjøre på eldgamle spor.
Vi i Vestfold og Telemark er glad i tog, bruker tog og er svært opptatt av at togene går i dag. Det var altså signalsystemet fra 50 tallet som brant i Sandefjord og som gjorde oss togløse. I Nasjonal transportplan står det at innføringen av signalsystem ERTMS (European Rail Traffic Management System) har som mål å øke regulariteten på Østlandet til 99,3 %. Jeg er enig og ser frem til den dagen det er en realitet, men jeg må dessverre konstaterer at regulariteten for tog mot Oslo på min stasjon Skien, er nå 0!

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Eg har stor forståing og medkjensle med dei reisande på Vestfoldbanen som opplever at dei ikkje kan nytte seg av togtilbodet. Situasjonen som representanten viser til på Vestfoldbanen er svært uheldig. Etter det eg er kjend med jobbar fagfolka i Bane NOR SF tett saman med leverandøren av utstyret for å finne årsaka til feilen for å førebyggja liknande feil i framtida. Når ei slik hending skjer er det likevel viktig at det settast opp gode alternative tilbod om transport slik at dei reisande blir minst mogleg råka.

Samferdslesatsinga til regjeringa er historisk. Infrastruktur byggast allereie ut i eit tempo som aldri før. Løyvingane er dobla og heile sektoren er betra og fornya. Regjeringa har brukt 13,5 milliardar kroner på store utbyggingsprosjekt på Vestfoldbana i perioden mellom 2014-2021. Regjeringa har i Meld. St 20 (Nasjonal transportplan 2022-2033) lagt fram ein særs ambisiøs, men realistisk transportplan. I transportplanen går det fram at løyvingane held fram med å vere høge. Det leggast opp til å nytta om lag 24 milliardar kroner på den vidare utbygginga på Vestfoldbana.

Regjeringa prioriterer anleggstart for prosjektet Stokke-Sandefjord i første seksårsperiode. Når utbygginga av dobbeltsporet mellom Stokke og Sandefjord står ferdig blir det to tog i timen mellom Oslo og Skien. Det vil gje ei vesentleg betring av tilbodet samanlikna med tilbodet i dag som er eitt tog i grunnrute. Arbeidet med innføre eit nytt digitalt styringssystem (ERTMS) for jernbana held også fram. Regjeringa legg opp til å nytte 20 milliardar kroner til dette i planperioden. Utbygging av ERTMS på Vestfoldbanen sør for Tønsberg vil vera fullført innan 2032.

Eg oppfatter at representanten oppmodar regjeringa til å halde ein enda meir offensiv framdriftsplan for utbygging av Vestfoldbanen, enn det er lagt opp til i Nasjonal transportplan (NTP). Sjølv om NTP legg opp til at ein går i gang med å byggje strekningen Stokke-Sandefjord når ein har bygd seg ferdig til Tønsberg, har verken regjeringspartia eller Ap funne økonomisk rom i transportplanen til å forsere og forsterke utbygginga på Vestfoldbanen ytterlegare. Dette vedgjekk også Ap i ordskiftet i Stortinget, då NTP vart drøfta og handsama denne våren. Det vil vere stor og samanhengande byggeaktivitet på Vestfoldbanen i mange år framover. Det er bra. Og medan denne utbygginga blir gjennomført, må Bane NOR også syte for å reparere skadane på den eksisterande banen so snart som råd, slik at togtrafikken kan kome i gang att.