Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden klargjere regelverket som folk må benytte for å benytte seg av rettigheten i forskriften å kunne bu fast i ein båt?
Begrunnelse
Regjeringa endra forskrifta for folkeregisterlova i 2017 for at folk som bur fast i båtar kan registrere disse som bustad og ikkje stå i registeret som bustadløys. I bladet Sunnhordland har ei slik sak siste vekene blitt omtala. Her med bakgrunn i at kommunen og statsforvaltaren meiner at slike båtar også skal søkast etter plan- og bygningslov regelverket og ikkje det maritime regelverket som båtar forholder seg til. Sidan det her er ulik praksis og det framstår som strengt å ha full behandling etter fleire regelverk hadde det vært ynskjeleg med ei presisering av korleis ein kan gå fram for å kunne benytte seg av å bu i egen båt.