Skriftlig spørsmål fra Freddy André Øvstegård (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2956 (2020-2021)
Innlevert: 07.09.2021
Sendt: 08.09.2021
Besvart: 16.09.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Freddy André Øvstegård (SV)

Spørsmål

Freddy André Øvstegård (SV): Vil det være aktuelt for klima- og miljøministeren å sette i gang en dialog med kommuner, friluftsliv, grunneiere og andre aktuelle aktører om mulig fremtidig vernestatus for deler av Fjella-landskapet i Østfold, for eksempel gjennom bruk av frivillig skogvern eller landskapsvern?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg vil takke representanten for spørsmålet. Fjella-området i Østfold er eit større skogområde som er svært viktig både for naturmangfald og friluftsliv.
Regjeringa prioriterer auka skogvern. Løyvingane til skogvern var frå 2002 til 2012 mellom 100 og 200 millionar kroner årleg, men har frå 2013 auka og har sidan 2017 vore på godt over 400 millionar kroner årleg. Med dette er tempoet i skogvernet betydeleg auka, og sidan hausten 2013 har regjeringa verna i alt 656 nye skogområde. Om lag 5,1 prosent av all skog og 3,8 prosent av den produktive skogen er no verna, slik at vi er halvvegs til målet om vern av 10 prosent av skogen i Noreg.
Mellom dei nye verneområda er fleire område i Fjella-området i Østfold. Mellom anna er Fjella naturreservat utvida fleire gonger og er nå eit stort verneområde på vel 17 kvadratkilometer. Gyrihelleren naturreservat og Burumtjern naturreservat vart begge oppretta i 2020. Lenger sør ligg Vestfjella naturreservat, som etter den siste utvidinga i 2020 nå er eit stort verneområde på vel 16 kvadratkilometer.
Det er framleis aktuelt å verne meir skog her, dersom det kjem tilbod om frivillig vern av skog som har viktige verneverdiar. Det arbeidast allereie med fleire nye tilbod om frivillig vern av privateigd skog i dei aktuelle kommunane. I verneprosessane inngår mellom anna høyring, der til dømes kommunar og friluftslivsorganisasjonar kan gje innspel.
Erfaring har vist at i område der naturverdiane i hovudsak er knytt til skog, er vern som landskapsvernområde ofte mindre eigna. Frivillig skogvern som naturreservat er derfor mest aktuelt i dette området.
Med dei skogområda som allereie er verna, og eventuelle nye verneområde som kan kome som resultat av pågåande skogvernprosessar, meiner eg at store areal som er viktige for både naturmangfald og friluftsliv vil vere godt ivaretatt i Fjella-området.