Skriftlig spørsmål fra Nicholas Wilkinson (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2963 (2020-2021)
Innlevert: 09.09.2021
Sendt: 10.09.2021
Besvart: 20.09.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Nicholas Wilkinson (SV)

Spørsmål

Nicholas Wilkinson (SV): Det har i mange år lekket radioaktive stoffer ut av alunskiferdeponiet på Taraldrud. Det er 14 år siden saken bli sendt til forurensningsmyndighetene og jeg ser ikke at det har blitt ryddet opp. Jeg er bekymret over avrenning til Gjersjøen som er drikkevannet for flere kommuner i Follo.
Hvilke planer har regjeringen for å rydde opp alunskiferdeponiet på Taraldrud, og når vil de konkrete tiltakene komme på plass?

Begrunnelse

Vi viser til et skriftlig spørsmål Dokument nr. 15:1187 (2017-2018) for tre år siden.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eit område på Taraldrud har tidlegare blitt utfylt med massar. I ein periode frå seint 70-tall til seint 80-tall blei potensielt syredannande bergartar plassert på Taraldrud. Bergartane vart tidleg tildekka med reine massar, men tildekkinga var ikkje tilstrekkeleg for å hindre forureining frå skifermassane.
Det er tidlegare gjennomført tiltak for å redusere utsleppa og basert på dei data vi har i dag, vurderer Direktoratet for strålevern og atomtryggleik at påverknaden frå radioaktiv forureining frå Taraldrud i hovudsak er lokal og at lekkasje frå området ikkje medfører risiko for dei som har Gjersjøen som si kjelde for drikkevatn.
Likevel er det behov for meir innsats for å handtere forureininga i området. Det har i lang tid vore arbeida med fleire ulike løysingar for dette området, men forureiningssituasjonen er svært komplisert og saka involverer fleire aktørar. I tråd med forureiningsregelverket er det grunneigarane på Taraldrud, Åsland Næringspark Eiendom og Statens vegvesen, som har ansvaret for forureininga som kjem frå dette området. Det har vore tett dialog både mellom Miljødirektoratet og Direktoratet for strålevern og direktorata har det siste året hatt fleire møte med grunneigarane og andre relevante aktørar i saka.
Direktorata er forureiningsmyndigheit for ulike delar av forureininga og begge direktorata har gitt begge grunneigarane pålegg. Grunneigarane fekk varsel om pålegg i juni 2021 og innan 17. september skal dei gi tilbakemelding på desse varsla. Grunneigarane skal nå utarbeide nye og samordna tiltaksplanar for korleis dei kan gjennomføre oppryddinga, og i varsla er det satt ein frist til 31. desember 2021 for å levere revidert tiltaksplan for oppryddinga.
Sjølve gjennomføringa av tiltaksplanen og iverksetting av oppryddinga vil avhenge av fleire faktorar. Det er viktig at dei tiltaka som skal gjennomførast medfører ei permanent løysing som i så stor grad som mogleg hindrar vidare forureining frå området. Eit overordna krav vil vere at forureininga i området skal stansast eller hindrast så langt det er mogleg, og tiltaksplanen frå grunneigarane skal beskrive moglege tiltak. Direktorata vil vurdere tiltaksplanen, og mogleg oppfølging er pålegg om tiltak. Saka er høgt prioritert hos direktorata, men på nåverande tidspunkt er det vanskeleg å fastsette når tiltaka skal vere gjennomført.