Skriftlig spørsmål fra Kathy Lie (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:92 (2021-2022)
Innlevert: 21.10.2021
Sendt: 21.10.2021
Besvart: 02.11.2021 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kathy Lie (SV)

Spørsmål

Kathy Lie (SV): Hva mener statsråden om at Nav ikke følger Sivilombudets uttalelse om at Nav har lagt uriktig lovforståelse til grunn når de har avkortet fedre/medmødres foreldrepenger, og vil statsråden sikre at de fedrene som har mistet store summer i foreldrepenger, blir kompensert?

Begrunnelse

Sivilombudet kom i juni med en uttalelse om den såkalte «fedrekvotefellen». Sivilombudet uttalte at Nav ikke har lagt riktig lovforståelse til grunn når de har avkortet fedre/medmødres foreldrepenger, og at Navs frist ikke har vært hjemlet i loven. I Aftenposten 20.10.2021 fremkommer det at Nav til tross for dette ikke vil behandle saken til en far som mistet store deler av fedrekvoten sin, på nytt.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Tid saman med små barn er av stor betydning for både foreldra og barna. At fedre har mista tid saman med barna sine fordi dei ikkje har søkt om utsetjing i tide, er uheldig. Det er òg bakgrunnen for at reglane no er endra. For barn født 1. oktober i år eller seinare, kan foreldra fritt utsetje foreldrepengane. Stortinget vedtok 7. juni i år å fjerne dei tidlegare krava til samanhengande uttak og søknad om utsetjing i forkant, sjå Innst. 480 L (2020-2021) Innstilling fra familie og kulturkomiteen om Endringer i folketrygdloven (fri utsettelse av foreldrepenger) og Prop. 127 L (2020-2021) Endringer i folketrygdloven (fri utsettelse av foreldrepenger).
Eg vil nedanfor kort gjere greie for noko av historikken og korleis saka tidlegare har vore vurdert. I Prop. 127 L (2020-2021) foreslo regjeringa Solberg å fjerne kravet til samanhengande uttak av foreldrepengar og kravet til avtale med arbeidsgivar i forkant av utsetjinga. Dei same forslaga vart fremma av Stoltenberg II-regjeringa i Prop. 184 L (2012-2013) Endringer i folketrygdloven (forenklinger i foreldrepengeordningen). Denne proposisjonen vart trekt tilbake av Solberg-regjeringa, og difor ikkje handsama av Stortinget.
I begge lovproposisjonane la departementet til grunn at det var naudsynt å fjerne lova sitt krav til samanhengande uttak for å hindre at fedre mister foreldrepengar fordi dei har søkt for seint. I det ligg det at departementet si oppfatning har vore at kravet til samanhengande uttak følgde av lova, og at avbrot frå uttaket ved arbeid på heiltid ville kreve i forkant slik at NAV kunne kontrollere at vilkåra for utsetjing var oppfylte.
Sivilombodet meiner at det rettslege grunnlaget for kravet om søknad i forkant ikkje er godt nok og skreiv i si fråsegn 30. juni i år at "Sivilombudsmannen ber Arbeids- og velferdsdirektoratet sørgje for at saka til klagaren blir vurdert på nytt, og om å bli orientert om utfallet av den nye vurderinga". Dette følgjer Arbeids- og velferdsdirektoratet opp i sitt svar til Sivilombodet av 18. oktober, der det heiter at direktoratet ikkje finn grunnlag for å gjere om saka til klagaren. Direktoratet sitt syn er det same som departementet har lagt til grunn i dei nemnde lovproposisjonane og langvarig praksis i NAV og Trygderetten.
Eg legg stor vekt på Sivilombodet si fråsegn i saka, og på Stortinget sine forventningar om at fråsegn frå ombodet skal følgjast opp av forvaltninga. Eg viser òg til at Sivilombodet i brev av 29. oktober har bede Arbeids- og velferdsdirektoratet om ytterlegare svar i saka. I lys av Sivilombodet si fråsegn og brevet av 29. oktober vil eg vurdere saka nærare i dialogen eg har med etaten.
Til sist vil eg understreke at eg er glad for at reglane no er endra slik at ikkje nye fedre vil miste foreldrepengar fordi dei har søkt for seint. Hadde denne endringa vore gjort i tråd med forslaget frå regjeringa Stoltenberg II i Prop. 184 L (2012-2013), ville mange fedre unngått å bli råka.