Skriftlig spørsmål fra Kirsti Bergstø (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:127 (2021-2022)
Innlevert: 22.10.2021
Sendt: 25.10.2021
Besvart: 02.11.2021 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Kirsti Bergstø (SV)

Spørsmål

Kirsti Bergstø (SV): Er denne praksisen i tråd med gjeldende lovverk, og hvis det er det vil regjeringen endre regelverket?

Begrunnelse

Viser til flere medieoppslag hos E24 om selskapet Tess og deres praksis med å forskjellsbehandle ansatte som er fagorganiserte og de som ikke er det. 22. oktober 2021 kommer det frem i en artikkel i E24 at selskapet reduserer bonusordninger når ansatte er hjemme på grunn av sykdom.
Det vises til en tilstedebonus som i flere år har gitt ansatte en kvartalsvis utbetaling på 3 000 kroner – så lenge de har null fraværsdager. Det fremgår av artikkelen at ansatte som er hjemme med sykdom blir trukket i tilstedebonus.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Stortingsrepresentant Bergstø syner til medieoppslag om selskapet Tess og praksisen deira med å forskjellsbehandle tilsette som er fagorganiserte og dei som ikkje er det, og med å redusere bonusordningar når tilsette er heime på grunn av sjukdom.
Regjeringa vil skape eit trygt, seriøst og organisert arbeidsliv. Høg organisasjonsgrad og sterke fagorganisasjonar er grunnplanken i vår arbeidslivsmodell.
Arbeidsmiljølova har reglar som forbyr diskriminering på grunn av fagorganisering. Også i likestillings- og diskrimineringslova er det reglar som forbyr diskriminering, mellom anna på grunn av funksjonsnedsetting, inkludert sjukdom som i periodar kan føre til at tilsette er heime. Lovverket har unntak som tillèt forskjellsbehandling på visse vilkår. Bonusordningar og liknande ordningar i verksemdene må halde seg innanfor desse reglane. Eg kan diverre ikkje påta meg å vurdere enkeltsaker, der eg berre kjenner enkeltelement i tilhøva frå mediene.
På meir generelt grunnlag vil eg gjerne seie at eg kjem til å jobbe for at lovverket vårt bidreg til at det vert lettare og meir attraktivt å organisere seg, både for dei tilsette og for verksemdene. Regjeringa vil mellom anna auka fagforeiningsfrådraget. Vi vil også vurdere om verksemder som har tariffavtale med fagforeining med innstillingsrett bør få fleire rettar og unntak frå regulering. Det kan også vere grunn til å sjå nærare på om øvrige reglar treff godt nok på dette området. Dersom det er slik at representanten Bergstø ønsker konkrete lovendringar, må ho gjerne spele det inn, slik at eg kan kome tilbake med ei vurdering. Denne regjeringa tek gjerne i mot innspel og framlegg som kan gjere tilhøva betre for arbeidsfolk.