Frank Edvard Sve (FrP): Korleis kan statsråden garantere at det ikkje er straum frå Europeiske kol eller gasskraftverk som vert sendt ut for å elektrifisere sokkelen slik som til dømes på Linnorm?
Begrunnelse
Det vises til planan om å elektrifisere sokkelen, og nyleg vart det behandla ei slik sak i Møre og Romsdal der konseksvensutgreiing av utviklingsløyve 255 Linnorm var tema for elektrifisering frå land.
Gassen skal altså sendast frå Norsk sokkel til Europa som kan produsere straum i gasskraftverk der, for så å sende både kol og gasskraft tilbake til stikkontaktene her i landet. Det blir hevda at det er miljømessig bra å elektrifisere sokkelen, til ein samla kostnad på godt over 50 milliard kr, men korleis henger dette i hop når ein kan risikere at det er kol og gasskraftverk som forsyner straum tilbake til Norge gjennom ulike kablar. Det vert hevda at ein har såkalla grønn energi her til lands og at det er viktig å elektrifisere sokkelen med grønn kraft, derimot blir dette merkeleg når Norge samtidig har fleire utanlandskablar der både kol og gasskraftverk leverer inn på nettet vert det hevda. Det vert også hevda at det ikkje er tilstrekkeleg linjekapasitet i straumnettet på land på Nordmøre, og at det ikkje er garantert tilstrekkeleg kapasitet til dette innan oppstart av Linnorm feltet. Det vert også hevda at kostnadane ved elektrifiseringa av prosjektet Linnorm kan føre til høgare nettleige for vanlige forbrukarar av kraft på fastlandet, og at slike elektrifiseringsanlegg girar opp nettleiga generelt.