Sveinung Rotevatn (V): Kjem regjeringa til å vidareføre satsinga på og utnytte potensialet i Nysnø klimainvesteringer AS i åra framover?
Begrunnelse
Næringsministeren besøkte torsdag 28. oktober Stavanger-regionen. Der fekk sju bedrifter besøk, men Nysnø klimainvesteringer AS var ikkje prioritert blant desse - sjølv om NFD er eigardepartement. Nysnø klimainvesteringer er heller ikkje nemnd i Hurdalsplattformen eller til no omtalt av den nye regjeringa.
Nysnø klimainvesteringer AS ble opprettet i 2017. Så langt er Nysnø tilført kring 2,4 milliardar kroner i kapital. Det er i Solberg-regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett foreslått å auke kapitalen med 900 millionar kroner i 2022 slik at kapitalen vil auke til over 3,3 milliardar kroner.
Nysnø klimainvesteringer AS investerer i mellom anna hydrogenverdikjedar, batteriteknologi og maritime næringar. Omfanget av investeringane understrekar også dei verdikjedane som kan bli svært viktige for Noreg framover. Dette er satsingsområde som næringsministeren også har trukke fram i sitt arbeid til no.
Det er viktig å sørge for at kapitalen blir auka opp slik at selskapet kan gjere det dei er meint å gjere, nemleg å bidra til å realisere den teknologien som bidreg til å få ned klimagassutsleppa.
Nysnø sin portefølje består no av elleve direkteinvesteringar og seks fond. Nysnø hadde i første kvartal 2021 eit positivt driftsresultat på 28 millionar kroner. De har enno ikkje realisert nokon av investeringane sine.