Ingrid Fiskaa (SV): Vil statsråden sikra at langtidsposten for psykosepasientar på SUS ikkje blir lagt ned, og kan ho lova at pasientane dette gjeld framleis skal få den helsehjelpa dei treng og har krav på?
Begrunnelse
Denne veka har det blitt kjent at Stavanger universitetssjukehus (SUS) planlegg å legga ned ein langtidspost for psykosepasientar. Avdelinga (B2) er den eine av to psykosepostar ved sjukehuset, og er for pasientar med alvorlege og langvarige psykiske lidingar. Posten blir vurdert nedlagd til fordel for ei utvida sikkerheitsavdeling for personar dømde til tvungent psykisk helsevern. Statsråden har ei rekke gonger uttalt at ho ikkje ønskjer ei nedbygging av psykiatriske sengepostar, mellom anna i VG 21. oktober. Den nye regjeringa har også varsla ein opptrappingsplan for psykisk helse. Sett i lys av hendinga i Kongsberg no nyleg, blir den sviktande oppfølginga av psykosepasientane endå meir uforståeleg.