Liv Kari Eskeland (H): Stord lufthamn har søkt om at staten innlemmer flyruta Stord-Oslo i sine FOT-ruter. Eg viser til at eit samla Storting i 2021 vedtok å innlemma flyruta Stord-Oslo i statens flyrutekjøp under pandemien, og flyruta vart av departementet lyst ut på anbod over tre periodar. Siste periode går ut til nyttår.
Kva vil statsråden gjere med søknaden om innlemming i FOT- rutetilbodet?
Begrunnelse
Skal ein unngå ny stopp i flytrafikken samt permittering av tilsette må dette snarast få ei avklaring for å rekke oppstarten av ny periode som startar 1. januar 2022.
Flyruta Stord-Oslo har i mange år vore basert på kommersiell drift. Dette er likevel ein situasjon som gir uforutsigbar drift, ettersom næringslivet på Stord er utsett for svingingar innan oppdrag og aktivitet. Under pandemien var ruta ein periode ute av drift, og for å få ruta opp att, vedtok Stortinget at ruta skulle få støtte. Samferdselsdepartementet lyste 1. mars 2021 ut ein konkurranse om mellombels drift av flyruta Stord-Oslo for perioden 1. april-30- april 2021, avtalen vart seinare forlengt ut juni, og til sist ut året.
Flyruta Stord-Oslo er viktig for det regionale næringslivet med Akers Solutions i spissen. Lufthamna er også viktig for beredskapen i regionen og er ofte besøk av redningshelikopter og ambulansefly. I oktober i fjor vart luftamna nytta som helikopterbase for offshoretrafikk til plattformene i Nordsjøen grunna vektarstreik på Bergen lufthamn, Flesland. Stord lufthamn avlastar Bergen lufthamn med treningsflyging av fly og helikopter.