Alfred Jens Bjørlo (V): Kva er dei økonomiske konsekvensane for norsk næringsliv av ikkje å gjennomføre EU si offentleggjeringsforordning og EU si taksonomiforordning i norsk rett hausten 2021?
Begrunnelse
Solberg-regjeringa la før sommaren 2021 fram Prop. 208 LS (2020–2021) «Lov om offentliggjøring av bærekraftsinformasjon i finanssektoren og et rammeverk for bærekraftige investeringer og samtykke til deltagelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) 2019/2088 og forordning (EU) 2020/852».
Den nye regjeringa har, så langt eg er kjend med, enno ikkje offentleg tatt stilling til dei to forordningane. Om saka trekkast av den nye regjeringa vil konsekvensane for norsk næringsliv vere alvorlege, fordi dei då ligg etter konkurrentar i resten av Europa.