Frank Edvard Sve (FrP): Vil olje og energiministeren sørge for at vanlige folk og næringslivet får straumrekningar no i november og desember 2021, som er på eit nivå som vanlige folk og næringslivet taklar, eller synest statsråden at 4-5-6 gongar høgare straumprisar er akseptabelt for "vanlige folk"?
Begrunnelse
Straumprisane her i landet har den siste tida vore rekordhøge, spesielt på aust, vest og sørlandet.
4-5-6 gongar høgare straumpris har vanlige folk opplevd å få deisande inn i postkassa, no rett før ei julehøgtid som nærmar seg raskt.
Det blir hevda at fleire får så store straumutgifter at dette kan gå utover julehandelen framover, at folk flest rett og slett må bruke sine midlar til å betale straumrekninga, skyhøge drivstoffprisar, og der julehandelen kanskje vert råka.
Omsetninga til varehandelen no i november/desember er sjølve grunnlaget for mange bedrifter, og dette kan bli alvorleg for Norsk økonomi dersom folk flest mistar kjøpekraft på grunn av skyhøge straum og drivstoffprisar.
Når regjeringa i tillegg aukar drivstoffprisane, skattar og avgifter blir dette ikkje betre.