Skriftlig spørsmål fra Tone Wilhelmsen Trøen (H) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:342 (2021-2022)
Innlevert: 11.11.2021
Sendt: 12.11.2021
Besvart: 22.11.2021 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik
Tilleggssvar: 22.11.2021

Tone Wilhelmsen Trøen (H)

Spørsmål

Tone Wilhelmsen Trøen (H): Ordningen med at pensjonert helsepersonell kan jobbe i helsetjenesten uten å tape pensjon, har vært et svært viktig bidrag til vaksinering i kommunene under Covid-19 pandemien. Ordningen utløper 1.1.2022.
Vil statsråden vurdere å forlenge ordningen slik at den store ressursen av pensjonert helsepersonell fortsatt kan bidra ved vaksinering av tredje dose mot Covid-19, og vil statsråden vurdere å utvide ordningen til også å gjelde arbeid med å sette influensavaksine?

Begrunnelse

Pensjonerte sykepleiere, jordmødre, helsesøstre og leger har bidratt sterkt til vaksineringen ute i kommunene. Det kan nå synes som om en del av kommunene tar ned noe av vaksineaktiviteten, samtidig som det er behov både for å tilby innbyggerne influensavaksine og en mulig tredje oppfriskningsdose mot Covid-19. Det vil da være av stor samfunnsmessig betydning at det pensjonerte personellet fortsatt kan bidra med denne nødvendige helsehjelpen videre og kan avlaste annet personell som har andre faste oppgaver.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Spørsmåla gjeld det tidsavgrensa unntaket frå avkortingsreglane av alderspensjon frå offentleg tenestepensjonsordning og offentleg AFP for pensjonistar som arbeider med covid-19. Unntaket gjeld beordra teneste i samband med covid-19 i verksemder omfatta av helseberedskapslova § 1-3 første ledd bokstav a, b, c og h, og frivillig teneste i offentleg helseteneste etter helseberedskapslova § 1-3 første ledd bokstav a til c. Unntaket gjeld fram til 1. januar 2022. Arbeids- og sosialdepartementet vurderer no om ordninga bør bli forlenga.
Representanten Trøen reiser òg spørsmål om unntaket bør omfatte pensjonistar som arbeider med å setja influensavaksine. Det er fleire gode grunnar til at unntaket òg bør gjelda i slike tilfelle, men eg har likevel komme til at ordninga ikkje bør bli utvida slik. Unntaket er oppretta som eit krisetiltak i møte med ei mogleg overbelastning av helsesektoren som følgje av pandemien. Vi er no i ein annan fase av pandemien med mindre uvisse enn i dei første månadene. Influensavaksinering er av meir ordinær art, sjølv om vi jo er i ein særskilt situasjon på grunn av pandemien. Det inngår òg i vurderinga at ei slik utviding av ordninga vil skapa vanskelege spørsmål om avgrensing av kven som er omfatta av unntaket og ikkje.

Tilleggssvar

Eg kan opplyse om at regjeringa i byrjinga av desember vil sende eit lovforslag til Stortinget om forlenging av ordninga med unntak frå avkortingsreglane av alderspensjon frå offentleg tenestepensjonsordning for pensjonistar som arbeider med covid-19. Det vil bli foreslått forlenging til 1. juli 2022. I proposisjonen blir det òg gjort greie for spørsmålet om unntaket gjeld pensjonistar som arbeider med å setje influensavaksine. Som eg nemnde i brevet 22. november er fleire gode grunnar til at unntaket òg bør gjelda i slike tilfelle, og eg har komme til at slike tilfelle fell inn under ordninga. Dette vil gå fram av proposisjonen.