Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:353 (2021-2022)
Innlevert: 12.11.2021
Sendt: 12.11.2021
Besvart: 22.11.2021 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kva er samferdselsministeren sine planar for å få planlagt og bygd ut ny vintersikker veg på rv13 mellom Vik og Voss?

Begrunnelse

Vikafjellet er ein fjellovergang i Vestland fylkeskommune som knytter sammen Vik og Voss kommunar. Dette er den mest stengte vegen i Norge og sesongens fyrste stenging skjedde i går. I NTP prosessen før sommaren peika både mitt parti og begge noverande regjeringsparti på denne vegen i sine forslag / merknader. Det er altså eit fleirtal i dagens storting som ynskjer å få gjort noko her.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til at regjeringa i samband med framlegginga av Meld. St. 20 (2021-2021) Nasjonal transportplan 2022-2033, føreslo at fleire riksvegar vert overførte frå Statens vegvesen til Nye Veier AS si portefølje. Rv. 13 Skare – Sogndal, som fjellovergangen Vikafjellet er ein del av, vart overført ved avtale mellom Samferdselsdepartementet og Nye Veier AS 21. september 2021. Utvidinga av Nye Veier AS si portefølje er i samsvar med dei føringane som går fram av Nasjonal transportplan 2022-2033.
Ifølgje avtalen skal det gjennomførast ei formell overtaking av strekningane frå Statens vegvesen til Nye Veier AS som vert regulert i ein egen overtakingsavtale. Denne formelle overtakinga er ikkje gjennomførd enno. Nye Veier AS gjennomfører årlege prioriteringar mellom og innanfor strekningane i porteføljen dei har ansvar for. Dei nye strekningane vil omfattast av Nye Veier AS si ordinære porteføljeprioritering. Det vil no vere opp til selskapet sjølv å prioritere eventuelle tiltak på strekninga på rv. 13 mellom Vik og Voss.
Førebuande arbeid med å overføre føreliggande kunnskap om strekninga rv. 13 Skare – Sogndal i form av ulike slag dokumentasjon og planmateriale frå Statens vegvesen til Nye Veier AS er i gang og arbeidet med overføring av prosjektdokumentasjon og formell signering av strekningsvise protokollar, vil bli gjennomført så snart overtakingsavtala er signert.
Nye Veier AS har nyleg starta sitt arbeid med å analysere strekninga sine utfordringar i tråd med det som kjem fram i Nasjonal transportplan 2022-2033 om prioritering av investeringstiltak som reduserer rasfare og gir ein betre vegstandard. Dialogen med aktuelle kommunar for å kartleggje dei ulike utfordringane på strekninga slik brukarane ser det, er godt i gang. Nye Veier AS ynskjer å arbeide saman med brukarane for å få opp felles problembeskriving for strekninga og der igjennom ei vurdering av framtidige investeringsbehov for strekninga. I denne samanheng er det naturlig å vurdere utfordringane over Vikafjellet.
Alle utfordringane ein står overfor på rv. 13 kan ikkje løysast innanfor den ramma som ligg i Nasjonal transportplan 2022-2033. Det er difor viktig å få fram ei overordna problembeskriving for strekninga i samarbeid med aktuelle kommunar og Vestland fylkeskommune. Dette gjerast for å sikre ei god forankring av de prioriteringane som må gjerast i arbeidet med utvikling av strekninga.