Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:368 (2021-2022)
Innlevert: 14.11.2021
Sendt: 15.11.2021
Besvart: 22.11.2021 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa skriv i Tilleggsnummeret til Statsbudsjettet at endringane som blir føreslått vil føre til 3 milliardar NOK i auka grøne investeringar i 2022 samanlikna med Solberg-regjeringa.
Kan statsråden gjere greie for korleis summen på 3 milliardar NOK kjem fram, og om ein då også har trekt frå den negative effekten for samla investeringar utløyst av kutt i Nysnø, kutt i Miljøteknologiordninga og skjerpa skattlegging av bedriftene?

Begrunnelse

Næringsministeren er sitert på følgjande i pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet om Tilleggsnummeret til Statsbudsjettet, dagsett 08.11.21:
"-Etter tre uker legger vi nå frem en pakke som kan mobilisere 3 milliarder i økte grønne investeringer sammenlignet med Solberg-regjeringens forslag, sier næringsminister Jan Christian Vestre."

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: I Prop. 1 S Tillegg 1 (2021-2022) føreslår regjeringa fleire omdisponeringar og satsingar som til saman skal gjere meir kapital tilgjengeleg for å utløyse private investeringar og akslerere det grøne skiftet. Det anslås at omdisponeringane kan medverke til auka investeringar på inntil 3 mrd. kroner i grøne investeringar. Anslaga er usikre, og full effekt av endringane forutset at kapitalen kjem til anvending i konkrete prosjekt. I berekninga er det tatt høgde for reduksjonane i Nysnø og Miljøteknologiordninga. Det er ikkje tatt høgde for endringar i skattesystemet.
Regjeringa føreslår å løyve 100 mill. kroner til tapsavsetning for grøne vekstlån. Dette gir i utgangspunktet rom for auke utlånsramma med 300 mill. kroner. Deltakelse i InvestEU kan bidra til at Innovasjon Norge kan utvide låneramma ytterlegare, slik at det kan gi grøne vekstlån på inntil 600 mill. kroner. Regjeringa har derfor føreslått å auke låneramma med 600 mill. kroner. Basert på tidlegare erfaringar kan 600 mill. kroner i lån frå Innovasjon Noreg bidra til samla investeringar på 1,2 til 1,8 mrd. kroner.
Vidare føreslår regjeringa å aue norsk deltaking i EUs finansieringsprogram InvestEU med 70 mill. kroner samanlikna med Solberg-regjeringa, til 262 mill. kroner. Deltaking i InvestEU gir norske bedrifter og prosjekt tilgang på lån, garantiar og eigenkapital. Når vi legg EU sine berekningar til grunn, vil regjeringa sitt forslag til auka deltaking potensielt gi næringslivet tilgang på inntil 2,4 mrd. kroner meir i samla investeringskapital.
Samla kan omdisponeringane og satsingane omtalt over medverke til auka grøne investeringar på om lag 3 mrd. kroner.