Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:373 (2021-2022)
Innlevert: 15.11.2021
Sendt: 15.11.2021
Besvart: 23.11.2021 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil strekningar trafikkert av bilførande båtar med høgare fart enn ordinære ferjer bli inkludert i regjeringa si varsla ordning med gratis ferje til øysamfunn på strekningar med under 100 000 passasjerar pr år?

Begrunnelse

Samferdsleministeren svarte i svar på skriftleg spørsmål frå underteikna 30/10 (Dokument nr. 15:207 (2021-2022)), at regjeringa ikkje har planer om å senke prisane på hurtigbåtar i samband med det varsla priskuttet på ferjer på riksveg- og fylkesvegnettet.
I Florø-bassenget (Kinn kommune i Vestland), er det i dag eit rutenett av bilførande båtar som bind øyane i Florø-bassenget saman med fastlandet. Desse båtane går raskare enn ordinære ferjer, men tener nøyaktig same funksjon, og er omfatta av fylkeskommunalt rutekjøp. Det vil framstå som særs merkverdig og urettferdig for folk og bedrifter på desse øyene om ikkje prisen på desse sambanda blir redusert tilsvarande som for øysamfunn som er trafikkert med ordinære, meir saktegåande ferjer.
Eg ber difor samferdsleministeren stadfeste at ordninga med gratis ferje til små øysamfunn vil gjelde også for øyene i Flora-bassenget, og andre øysamfunn som er trafikkert av bilførande båtar som går raskare enn ordinære ferjer.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Ved handsaming av Prop. 79 S (2020–2021) om endringer i statsbudsjettet 2021 og økonomiske tiltak i møte med pandemien og Innst. 233 S (2020–2021) gjorde Stortinget
følgjande vedtak:
"Stortinget ber regjeringen komme tilbake i revidert nasjonalbudsjett 2021 med forslag til reduserte fergetakster allerede for inneværende år, og en forpliktende plan for halvering av fergepriser på både riksveg- og fylkesvegsamband. Løsninger for lavere takster for pendlere skal prioriteres og reduksjonen skal finansieres av staten."
Vedtaket om reduserte ferjetakstar blei følgt opp, jf. Prop. 195 S (2020 – 2021) og seinare vart det ved handsaming av proposisjonen, jf. Innst. 600 S (2020 – 2021) gjort budsjettvedtak om å redusera ferjetakstane med 25 pst. eks. mva frå 1. juli i år.
I Hurdalsplattforma heiter det mellom anna at regjeringa vil halvera prisane på riksvegferjer og fylkesvegferjer i fireårsperioden. Dette arbeidet er i gang. I framlegg til budsjett for 2022 er det lagt til rette for at takstane kan reduserast med 30 pst. for den reisande frå 1. januar 2022, jamført med takstar 1. januar 2021, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2021 – 2022).
Det er grunn til å minna om at oppmodingsvedtaket i Stortinget i vår, og i vidare oppfølging av vedtaket gjennom Hurdalsplattforma, gjeld ferjeruter, og ikkje båtruter. Av Hurdalsplattforma går det og fram at regjeringa vil innføra ei ordning med gratis ferjer for øyar og andre samfunn utan vegsamband til sambandet og å gjera alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis. Regjeringa vil koma tilbake til oppfølging av desse punkta i regjeringsplattforma.